I dag er han travlaste utfartsdagen før jul: – Møt opp i god nok tid

8 hours ago 2



Skal du ut og reise fredag? Då kan det vere lurt å berekne god tid.

For det er nemleg den travelste utfartsdagen før julaftan.

Omtrent 82.000 skal på flyreise i dag, ifølgje Avinor.

– Det blir ein veldig travel dag for oss. Det er ein av dagane med mest trafikk i juleutfarten.

Det seier kommunikasjonssjef i Avinor, Monica Iren Fasting.

en person som smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Monica Iren Fasting.

Foto: Hallgeir Braastad / nrk

I ettermiddag er det trafikktopp frå klokka to og vidare utover, seier Fasting.

– Eg ville berekna litt ekstra tid til flyplassen, for det er òg utfart både på vegar og på tog.

Fram til 4. januar er det berekna 2.2 millionar menneske som skal reise gjennom Avinors flyplassar, fortel Fasting.

Pakk med kaffi og matpakke

Togkontrollør Stian Norvoll er blant dei mange reisande som skal heim til jul.

– Eg skal heim til Molde, og kjem til å køyre sjølv. Ironisk nok sidan eg jobbar i jernbanen, seier Norvoll til NRK.

Togkontrollør på Oslo S Stian Norvoll

Togkontrolløren skal reise heim til Molde måndagsmorgon.

Foto: Katrine Engebretsen Rønning / NRK

Togkontrolløren har følgande råd til alle togpassasjerar som skal reise dei neste dagane:

– Ver ute i god tid og sjekk appane om det er nokon forseinkingar. Sjekk at du har pakka med deg mat og drikke til turen, før du går på toget.

– Kjem du til å følge dine eigne råd sjølv om du skal køyre bil?

– Ja, eg skal ta med meg matpakke, kaffi på termos og vatn, seier Norvoll.

  • Søgni Mogstad Strand og Jacob Markussen

    Katrine Engebretsen Rønning / NRK

    Søgni Mogstad Strand og Jacob Markussen

    I ein krok inne på Oslo Sentralstasjon har kjærastane Søgni Mogstad Strand og Jacob Markussen funne seg til rette medan dei ventar på toget til Berkåk.

    – Vi var uroa for vêret sidan det har vore veldig mykje vind. Nokon togavgangar har hatt trøbbel, men alt har gått på skjener, seier Strand til NRK.

    Vidare frå Berkåk skal paret til Surnadal for å feire jul saman med Strand sin familie.

  • Eirik Nicholas Lunde på Oslo S

    Katrine Engebretsen Rønning / NRK

    Eirik Nicholas Lunde

    Høgtalaranlegget på Oslo Sentralstasjon varslar om at toget til Lillehammer er forseinka. Eirik Nicholas Lunde ventar tolmodig på perrongen.

    – Eg har god tid. Det er halvannan time til flyet mitt går, seier Lunde.

    – Eg skal reise heim til Stavanger, og skal ta toget til flyplassen, forklarar han.

  • Lene Jakobsen og Mathias Regevik på Oslo s

    Katrine Engebretsen Rønning / NRK

    Lene Jakobsen og Mathias Regevik

    Kjæraste­paret Lene Jakobsen og Mathias Regevik ventar på toget til Kristiansand.

    – Vi skal vidare til Mandal heim til familien vår for å feire jul og nyttår, seier Jakobsen.

    Dei ville unngå reise under julerushet fredag, og tok dermed toget torsdag kveld.

    – Vi skal ha heimekontor i morgon, rekk Jakobsen å legge til før dei må gå på toget.

  • Jørgen Elias Johansen på Oslo S

    Katrine Engebretsen Rønning / NRK

    Jørgen Elias Johansen

    Med musikk på øyret sit Jørgen Elias Johansen på kofferten sin medan han ventar på toget til flyplassen.

    – Eg skal til Leknes i Lofoten, så eg må til Bodø først og så til Leknes. Eg tar det siste flyet, seier Johansen.

    Sjukepleiaren jobbar turnus og rekk å komme seg heim før den store utfartsdagen fredag.

    – Eg har berekna litt ekstra tid. Med ein time ekstra bør det gå, legg han til.

  • Cecilie Petersen og Tommy Dieu på Oslo s

    Katrine Engebretsen Rønning / NRK

    Cecilie Petersen og Tommy Dieu

    Danskane Cecilie Petersen og Tommy Dieu står klare på perrongen og ventar på toget til Hovden.

    – Eg skal feire jul med kjærasten min, seier Dieu.

    Petersen skal bli med til Hovden før ho reiser vidare til Danmark på søndag.

    – Eg skal ta tog til Odense og med bil til Langeland. Det er veldig mange som reiser no, så eg er litt stressa for at det skal vere mykje folk, seier Petersen.

Reiseråd frå Vy

I tillegg til fredag blir også måndag ein av dei store reisedagane før jul, fortel kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby.

  • Åge-Christoffer Lundeby

    Åge-Christoffer Lundeby

Har du nokon gode råd til dei som skal ut og reise med tog dei kommande dagane?

– Det er lurt å tenke gjennom korleis du pakkar, gjerne i ein stor koffert i staden for mange små. Det er også lurt å bestille billett på førehand om du skal reise langt, spesielt på Bergensbanen, sig Lundeby.

Ifølgje han blir Bergensbanen han travlaste togstrekninga i jula.

– Men også toga mot Lillehammer, og dessutan ned mot Vestfold og Telemark, vil ha mange reisande dei neste dagane.

Publisert 19.12.2025, kl. 07.30 Oppdatert 19.12.2025, kl. 07.59

Read Entire Article