I lommene var det 22.450 kroner – på golvet låg rifla

9 hours ago 5



I vinter har TV 2 gjennom fleire artiklar fortald om den heilt spesielle saka frå Hausdalen i Bergen.

Ein mann (89) vart funnen død i eit brennande hus natt til 15. januar i fjor.

Midt i panna var han skoten to gongar. Han hadde ikkje pusta inn røyk og var difor død før brannen nådde soverommet.

Så ikke at død mann (89) var skutt i hodet

Likevel skal politiet legge vekk saka som intet straffbart forhold bevist. Mannen har høgst sannsynleg teke sitt eige liv, meiner politiet.

No kan dei lette meir på sløret om kvifor.

– Beklageleg

Kripos si Cold Case-gruppe er samde i at sjølvdrap er den riktige hovudhypotesen i saka.

Samstundes har etterlatne vore kritiske til politiet si etterforsking. 

Over eitt år etter, har ikkje politiet svar på kvifor eller kor i huset den voldsomme brannen byrja.

Politiet har heller ingen fasit på korleis 89-åringen skal ha greidd å skyte seg sjølv. Med ei salongrifle som var påmontert lyddempar. Og så ta nytt ladegrep og gjere det ein gang til.

Etterlatne har tidlegare spurt om det er gjort nok for å utelukke at brannen var påsett for å skjule ei kriminell handling.

– Det er veldig lite som tyder på at det er nokon andre enn avdøde som har gjort dette, svarar politiadvokat Are Nygård Bergh.

– Samstundes forstår eg godt at det er krevjande for dei pårørande at vi ikkje kan seie sikkert korleis dette har skjedd. Det er eit spørsmål dei sikkert ønskjer svar på veldig sterkt, og som politiet ikkje kan gi. Det er beklageleg, seier Bergh.

 Bjørnar Morønning / TV 2
20230705: Politiadvokat Are Nygård Bergh. Mannen som er siktet for drapet på en ukrainsk kvinne i 30-årene nekter straffeskyld. Foto: Bjørnar Morønning / TV 2

«Avskjedsbrev»

TV 2 har tidlegare omtalt nokre av funna på åstaden som gjer at politiet meiner dette var eit sjølvdrap.

No kan Bergh gå meir detaljert til verks, ettersom politiet har bestemt seg for å legge vekk saka.

89-åringen vart funnen fullt påkledd på soverommet sitt, sitjande livlaus i senga.

Salongrifla var hans eigen, og skal ifølge politiet sine undersøkingar ha blitt oppbevart i eit låst våpenskap. Skapnøkkelen fann politiet i lomma hans. Der fann dei også eit ekstra magasin til rifla.

Som TV 2 har omtalt, fann dei eit notat i ei av lommene til mannen. Politiet kallar dette for eit avskjedsbrev.

– Det var rett nok datert 4. oktober 2024, men der stod det at han ville avslutte «en meningsløs tilværelse» og at han ville «kremeres i stillhet», seier Bergh.

Dottera til 89-åringen seier til TV 2 at dette notatet altså var datert fleire månadar før hendinga. Den hausten var faren tilbake i heimen etter eit sjukehusopphald og formen skal ha vore veldig dårleg.

– Mange eldre er triste over at livet ikkje er som det ein gang var. Han hadde meir behov for hjelp og var ikkje så sjølvstendig lenger. Og var trist for det. Det tror jeg de fleste eldre kjenner på, seier ho om notatet.

Trenger du noen å snakke med?

  • Mental Helses hjelpetelefon: 116 123 (døgnåpent)
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnåpent)
  • Leve Landsforeningen for etterlatte ved selvmord: Tar imot henvendelser på epost: post@leve.no eller telefon 22 36 17 00 (hverdager 9-15)

Kilde: Helsenorge.no

Stort kontantbeløp

Vidare hadde mannen ein tryggleiksalarm rundt handleddet. Den var ikkje trykka inn.

– Og han hadde også en mobiltelefon i lomma. Hadde dette vore eit drap, er det nærliggande å tenkje seg at han ville forsøkt å få hjelp. Anten ved å løyse ut tryggleiksalarmen eller ringe til nokon, seier Bergh.

I lommene hadde også 89-åringen eit stort kontantbeløp. Totalt fann politiet 22.405 kroner.

– Hadde dette vore eit drap med vinningshensikt, så er det nærliggande å tenke seg at dei pengane hadde blitt borte, seier Bergh.

– Men kan nokre av desse tinga ha blitt planta på han?

– Ja, all den tid vi også har hatt ein drapshypotese, så har vi også vurdert om det kan vere fingert sjølvdrap. Men det er uhyre sjeldan at det skjer. Dessutan har dei pårørande kjent igjen handskrifta til faren sin på notatet.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
BRANNTOMTA: Hausdalen ligg heilt sør i Bergen. I dag er det berre garasjen som står att på tomta. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Veit ikkje sikkert

Bergh vedgår likevel at det har vore eit vanskeleg bevisbilde å tolka og omtalar saka som «spesiell».

Det handlar mellom anna om mannens høge alder og helsetilstand, at han hadde to skot i hovudet, Kripos-animasjonen som viser at han ikkje kan ha nådd avtrekkaren med hendene og at huset var brent ned.

– Dette er moment som støttar ein drapshypotese, men det kan også forklarast med sjølvdrap. Patolog har bekrefta at det går an å skyte seg sjølv, ta ladegrep og gjere det igjen. Og det er fleire måtar å fyre av eit våpen på, til dømes med ein anna kroppsdel eller gjenstand.

– Så, har de eit hendingsforløp som de meiner er mest realistisk?

– Politiet har fleire tankar om korleis dette har skjedd, men vi veit det ikkje sikkert. Då blir det feil av meg å spekulere i det.

Ferdig etter påske

Rundspørring i nedre del av dalen, ti vitneavhøyr og innhenting av mobiltrafikkdata og bompasseringar i området har heller ikkje gitt indikasjonar på at andre personar var i nærleiken i det tidsrommet politiet har undersøkt.

Politiet seier dei ikkje har hatt mistenkte undervegs. Deira innstilling blir truleg oversendt til Statsadvokaten etter påske. Det er dei som tek endeleg avgjerd.

Read Entire Article