Ved inngangen til 1900-talet budde det 40 personar i Svelgen i Sunnfjord.
Lite talte for at bøndene skulle vakne opp i eit industrisamfunn, men i 1911 sikra skipsreiar Wilhelm Torkildsen og rettssaksførar Kristian Faye seg fallrettane til Store Førsvatnet for 6000 kroner.
Dei to førte vatnet vestover til eit rujern- og smelteverk i den vesle grenda, og vips var eit sosialdemokratisk utstillingsvindauge fødd – med smelteverket til Elkem som nav.
Vel hundre år seinare peikar dei fleste pilene nedover, men akkurat i dag har Ap-ordførar Anne Kristin Førde grunn til å juble.
Onsdag morgon vakna ho opp til at Miljødirektoratet har godkjent dei første tiltaksplanane i den nye ordninga for CO2-kompensasjon (meir om den under).
I alt vil tiltaka koste minst 30 milliardar kroner.
Med utgangspunkt i den nye CO2-kompensasjonsordninga skal staten refundere ein stor del av dette.
Da drypp det også på vertskommunen.
Anne Kristin Førde (Ap) meiner at industrien med hjelp frå staten «kan ta viktige steg mot reelle utsleppskutt og meir berekraftig produksjon».
Foto: Ole Kristian Svalheim– Styrker Noreg si rolle som leiande industrinasjon
– Dette er svært positivt, og har mykje å seie for oss, seier ordføraren.
Ho meiner at industrien med hjelp frå staten «kan ta viktige steg mot reelle utsleppskutt og meir berekraftig produksjon».
– Dette styrker konkurransekrafta til Elkem, og Noreg si rolle som leiande industrinasjon i det grøne skiftet, seier ho.
Namnet på dei djupe lommene er CO2-kompensasjonsordninga.
Sponsinga er omstridd, og Finanspolitikkutvalet anbefalte i fjor å skrote heile ordninga med tilvising til at ho var «enormt kostbar», «ineffektiv» og «ein trussel mot berekrafta».
Bakom song framskrivingar som viste at staten kunne ende opp med ei rekning på 76 milliardar kroner om ikkje ordninga blei nedskalert innan 2030.
På andre sida bad fleire industrisamfunn om å bevare ordninga med tilvising til at ho var «eksistensielt nødvendig» og for ei «livsnerve» å rekne.
Under sterkt press blei derfor regjeringa og industrien einige om eit kompromiss:
I byte mot ei vedhaldande raus ordning (7 milliardar kroner i året), skal bedriftene bruke 40 prosent av støtta på klimatiltak og energieffektivisering.
Øyvind Grindheim er fagforeiningsleiar hos Elkem Bremanger.
Foto: Bård SiemStatsråden: – Vil bidra til utvikling av ny teknologi over heile landet
Vel eit år seinare har Miljødirektoratet godkjent dei første 25 tiltaksplanane (av totalt 38).
– Dette vil bidra til investeringar i norske arbeidsplassar og utvikling av ny teknologi over heile landet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Han legg til:
– Mange av bedriftene ønsker å investere meir enn det vi stiller krav om. Det viser at industrien har ein stor vilje til å omstille seg.
– Desse investeringane vil gi tryggleik for bedrifter og arbeidsplassar over heile landet, og vil styrke norsk konkurransekraft.
Leiar i Norsk industri, Harald Solberg, seier at godkjenning av tiltaksplanane i industrien «viser at den nye innretninga av ordninga verkar godt».
Han legg til at CO2-kompensasjonen er eit viktig tiltak for å motverke effekten av andre politiske inngrep i marknaden.
– Den er ikkje ein subsidie, men ei korrigering for ein uønskt effekt av andre inngrep i marknaden.
Sjå fleire reaksjonar under.
Stian Lysberg Solum
Terje Aasland, energiminister
Meir effektive klima- og energiløysingar legg eit viktig grunnlag for omstillinga som industrien og vi som samfunn skal gjennom dei kommande tiåra. Eg er glad for å sjå så mange planar om tiltak og håpar aktørane nå prioriterer ei snarleg gjennomføring.
Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister
Norsk industri må kutte utsleppa sine for å vere konkurransedyktige i framtida. For første gong stiller vi krav om at minst 40 prosent av pengane bedriftene får gjennom denne ordninga må gå til å kutte utslepp, redusere kraftbehovet eller vinne tilbake energi.
www.gudim.no
Anders Vindegg, Hydro
Utgiftene staten har til CO2-kompensasjonsordninga utgjer berre ein del av dei samla meirinntektene staten får som følge av CO₂-prissmitten. Ordninga blir brukt i nesten alle industriland i Europa, og den norske ordninga er ikkje spesielt stor i europeisk samanheng. Hydro har levert ein plan for korleis vi skal investere i ny klima- og energiteknologi i Noreg som del av denne einigheita.
Publisert 05.11.2025, kl. 12.59

















English (US)