Småbarnsmora Ingeborg Sletta gret då ho tidlegare i sommar fortalde til NRK kor redd ho var for at ungane hennar skal bli påkøyrde.
Familien bur i eit klyngetun like ved hovudfartsåra opp mot det kjende turistmagneten Trollstigen. Her susar opp mot 2 000 bilar forbi dagleg i høgsesongen.
I juni søkte ho fylkeskommunen om å sette ned farta til 50 km/t. Nyleg kom avslaget.
– Eg blei kjempeskuffa og veldig oppgitt og lei. Kva skal til, kva skal vi gjer? spør Sletta medan bilane susar forbi.
Tobarnsmora har vore uroleg for trafikken i fleire år. Etter å ha budd borte i 15–20 år, flytta ho heim for tre år sidan.
Då hadde trafikken auka endå meir, og ho bestemte seg for å gjere noko.
Strekninga på det øvste bildet har 50-sone. Men Ingeborg Sletta bur i det grå huset på det nedste bildet der det er 80-sone.
Øyvind Sandnes / NRKViser at snittfarta er under 60 km/t
Den spektakulære vegstrekninga Trollstigen har blitt ein turistmagnet. Over ein million menneske besøkjer årleg det ikoniske området, der vegen slyngjer seg som ein buktande orm.
Småbarnsfamiliane som bur langs vegen sa til NRK tidlegare i sommar at dei knapt tør sykle med ungane bakpå. Det er ingen som slepper dei små ut på vegen åleine.
– Vi som bur her og må leve med all den trafikken med ein veg som ikkje er dimensjonert for det, vi får ikkje noko hjelp, seier tobarnsmora Ingeborg Sletta.
– Du får lyst å leige ut alt du har og flytte ein annan plass, seier nabo Odin Falch.
– Ingenting som tyder på at vi skal gjere noko
Men fartsmålingar i sommar viser at dei fleste køyrer langt seinare enn fartsgrensa.
– Per i dag har vi ingen indikasjonar på at det blir justeringar av kriteria, og det er ingenting som tyder på at vi skal gjere noko revurdering, seier seksjonsleiar John Hauger i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Men folk er jo bekymra. Burde ikkje det gå an å ta meir omsyn til det?
– Vi forstår at folk er bekymra, men vi har også tatt nokre fartsmålingar som viser at snittfarta ikkje er så høg. Ut frå dei nasjonale kriteria er det viktig at vi har ei einsarta haldning til dette med fart i heile landet, seier Hauger.
Han seier fylkeskommunen ikkje har pengar til å fartsdempande tiltak som gang- og sykkelveg.
Målte farta langs vegen i sommar
Det har vore fleire fartsmålingar på vegstrekninga i sommar. Alle viste at snittfarta var under 60 km/t på strekninga med 80-sone:
- 01.07.2025 – 11.07.2025 ÅDT, 785 bilistar i snitt per døgn, snittfart på 58,8 km/t
- 21.07.2025 – 08.08.2025, 1955 bilistar i snitt per døgn, snittfart på 58,3 km/t
- 18.08.2025 – 28.08.2025, 1387 bilistar per døgn, snittfart på 59,4 km/t
Det er Statens vegvesen som avgjer saka endeleg, dersom fartsgrensa skal endrast, men dei byggjer på vurderingane som fylkeskommunen har gjort.
– I utgangspunktet skal det ikkje vere noko grunnlag for noko annan avgjerd, nei. Men dersom det dukkar opp noko meir i saka, vil det vere ein grunn til å sjå på saka igjen, seier seksjonssjef Linda Heimen.
Ho viser til at dei støttar seg på nasjonale fartsgrense-kriterium, som er baserte på kunnskap om samanheng mellom fart, risiko og ulykker.
– Vi får ikkje noko hjelp
Ingeborg Sletta seier fartsmålingane frå sommaren berre viser deler av bildet. Ho er framleis uroleg for den store trafikkmengda og enkeltbilistane som trakkar gasspedalen i botn på veg til Trollstigen.
– Det er kjempemykje fokus på at denne vegen her kan ikkje bli steng og kan ikkje leggast ned ... men vi som bur her, og må leve med all den trafikken med ein veg som ikkje er dimensjonert for det, vi får ikkje noko hjelp, seier ho.
Publisert 18.09.2025, kl. 05.19