Ingen ting er tilrettelagt for oss som ikkje er digitale

2 days ago 10



Kven tor melde seg på kurs når ein aldri har lært engelsk, og det er kanskje 60, 70 år sidan ein sat på skulebenken?

Pedersen fortviler over at samfunnet har blitt for digitalisert. Foto: Inger Juvastøl

Ein høyrer stadig om saker i samfunnet, som gjer det vanskeleg for oss gamle.

Det er ikkje berre digitalisering, men også nedleggjing av tilbod som eldre bruker.

Det siste vi har høyrt om, er at busstilbodet mellom Evje og Arendal er i fare. Der er for lite trafikk, mest berre ei og anna eldre kvinne som skal til sjukehuset i Arendal.

Ja, rett nok høyrer denne bussruta til det ein kaller ”lite lønsame ruter”, men som har vore haldne oppe av samfunnsmessige grunnar.

Frå gammalt av, var det sjukehuset i Arendal folk på Evje, og ifrå Setesdal, høyrde til.

Nå er det slik at Setesdal Bilruter ikkje lenger kan avgjere om ruta skal oppretthaldast. Det er det AKT som gjer. Og då kan det like godt bli Boreal som har køyringa!

Om dette ryktet skulle vere riktig, så blir det vel fleire pasientreiser med drosje?

Men nei. Då må vi ta buss til Kristiansand, og buss vidare derfrå til Arendal. Og, ettersom eg skjøner; samme vegen heimatt.

Vi har nok tid til den reisa, men dei fleste av oss har ikkje helse til ho. Først den diagnosen som gjer at vi  til sjukehuset, og så diverse alderslidingar, som tar på kreftene.

Vi kunne jo berre få alle konsultasjonane våre i Kristiansand?

Det er berre det, at er det noko med augene det gjeld, så må vi til Arendal, for det er der augneklinikken ligg!

Så gjeld det også nokre ”små ting i kvardagen” som gjer det vanskeleg for eldre folk.

Til dømes, at du må ha ein app for å få henta ei pakke på posten. Mange av oss veit snautt kva ein app er. Ikkje berre det, men når du kjem til post i butikk og vil hente pakka, og ikkje har appen, så vert du avvist på ein lite hyggjeleg måte.

Heldigvis er ”data- hjelpa” nær når du har Databutikken like ved!

Innsenderen utenfor Databutikken på Evje. Foto: Inger Juvastøl

Men skal det vere slik? Skal vi finne oss i dette?

Ein tur til Oslo kan ein til dømes gjere klimavennleg og bruke buss eller tog. Det siste vil og i dei fleste tilfelle seie buss.

Ja, Konkurrenten tek ennå telefonen, det skal dei ha.

Men bestille billett? Nei, då må du på nettet. Då kan du komme frå Krs til Oslo for 319 kr. Du kan kjøpe billett ved påstigning, men då koster samme billetten rundt 600 kr!

Det er rett og slett ingen ting som er tilrettelagt for oss som er lite, eller ikkje, digitale.

Har de, ”fremadstormende unge menn” som innfører data alle stader,og på alle ting, tenkt på at der er minst 600.000 menneskje i dette landet som ikkje har klart å følgje med i utviklinga?

Det er ikkje berre dovenskap som er årsaka til det.

Det heng saman med utdanning, helse og ikkje minst høg alder.

Vi får tilbod om opplæring i vår kommune, men det er diverre slik, at opplæring er ein til ein på dette området. Det held ikkje med eit kurs. Kven tor melde seg på kurs når ein aldri har lært engelsk, og det er kanskje 60, 70 år sidan ein sat på skulebenken, og aldri nokon gong har teke i eit tastatur?

Og mange av oss har ikkje sett eit nettbrett før vi var 80 år?

Er det mogeleg for dykk unge å lære dette?

Det må lærast, for de kjem aldri til å forstå det!

Dette er sjølvopplevd.

Read Entire Article