Dette er Louie. Rett etter at han blei fødd fekk han heimestrikka lue og sokkar i gåva frå ein framand.
Kvar baby som blir fødd når Bodø/Glimt speler kamp i meisterligaen, får nemleg lue og sokkar i glimt-fargar.
Men kvar kjem strikkekleda frå?
For å avsløre kven den hemmelege givaren er, må vi til den vesle bygda Inndyr i Nordland.
I eit lite kvitt hus finn vi ei veldig produktiv bestemor.
Sofie Retterstøl Olaisen/NRK
Ho har strikka omkring tusen luer til nyfødde nordlendingar.
– Stort sett strikkar eg to eller tre luer om dagen.
Det er nemleg ikkje berre når Glimt speler kamp at babyane får lue.
Målet til Inger Johansen er at kvar einaste baby som blir fødd på Nordlandssjukehuset skal få lue og sokkar.
– Eg har strikka sidan eg var fem år. Det er godt å vite at det eg gjer, kjem til nytte for nokon.
Korleis kom ho på at ho skulle halde på med nett dette, spør du kanskje?
Det har barnebarnet hennar, Elise Johansen, skyld i.
Ho er nemleg jordmor på sjukehuset og såg at dei nyfødde trong lue og sokkar. Då spurde ho bestemor om hjelp.
Og som ein kvar god bestemor, ordnar Inger kaffi og kaker når barnebarnet kjem på besøk for å hente babyluer og sokkar.
– Når eg kjem tilbake med fleire luer, blir alle veldig glade. No er det nemleg tomt igjen.
– Foreldra blir òg veldig glade og overraska. Når det er eg som tar imot barna, er det stas å seie at det er frå bestemora mi.
Men òg for fødslene utan ein lykkeleg slutt, strikkar Inger. Denne «englekjolen» har ho laga dersom eit barn blir fødd stille, altså dødt.
Men Inger har eit problem. Sjølv om ho strikkar alt ho klarer, blir det ikkje nok. Dei siste månadane har det blitt fødd over 400 barn på Nordlandssjukehuset.
Så mykje kan ikkje bestemora strikke.
Mannen hennar, Arild, kan strikke, men han kan ikkje hjelpe henne.
– Ho Inger er ein veldig god lærar, men det blir alt for smått for meg. Dessutan kan eg berre strikke sokkar.
– Eg er overtydd om at det er masse ledige hender rundt omkring som kunne ha strikke om dei visste kvar dei skulle vende seg.
Om nokon har lyst til å vere med å strikke til dei små, fortel barnebarnet, Elise, at det berre er å ringe til fødeavdelinga på sjukehuset.
Der blir gåvene tatt veldig godt imot.
– Ho fortener mykje skryt! Inger har gjort ein kjempeinnsats.
Sofie Retterstøl Olaisen/NRK
No får den vesle nyfødde sonen til Thomas Nilsen på seg sine første glimt-sokkar og lue.
– Har han fått namn enno?
– Nei, men kanskje han skal få namn etter glimtspelaren som skårar i kveld.
















English (US)