Innbrots-aktivist får støtte frå Palestina­komité-topp

1 week ago 11



– Når demonstrasjonar og andre former for aksjonar ikkje blir tatt seriøse i media eller blant politikarar, så ser vi på det som ein reell måte å aksjonere på.

Det seier Magnus Barka Hjelle til NRK tysdag.

Det var 1. april i år at Ole Bertheus Sørensen tok seg inn på militært område på Rygge flystasjon.

Målet var å gjere skade på delar til kampfly i protest mot Israel si krigføring i Gaza.

– Eg klipte meg gjennom to gjerde med knipetong, og eg måtte klatre over eit gjerde som var tjukkare med piggtråd på toppen. Eg slo meg gjennom ei dør med herda glas, hevdar han.

Ole Bertheus Sørensen, Palestina-aktivist

Ole Bertheus Sørensen angrar ikkje på at han tok seg inn på Rygge flystasjon.

Magnus Barka Hjelle

Magnus Barka Hjelle går no ut med støtte til aksjonen mot Rygge flystasjon.

Foto: Morten Andersen / NRK

Oppmoda om å søke frå fond

No vil Magnus Barka Hjelle i Palestinakomiteen at dei også betaler eventuelle bøter Sørensen skulle få.

Hjelle er også leiar for studentlaget i Trondheim.

– Eg kjem til å hjelpe med å sende ein søknad til Palestinakomiteen dersom det blir ei potensiell bot.

– Er det slik at Palestinakomiteen vil betale eventuelle bøter?

– Det har ikkje Palestinakomiteen bestemt enda, så eg kan ikkje seie noko om det. Men eg vil i alle fall hjelpe han med å sende søknaden.

Palestinakomiteen sitt landsmøte sette nyleg av 100.000 kroner i eit fond som skal støtte sivil ulydnad.

Line Khateeb, leder i Palestinakomiteen

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Støttar intensjonen

Men leiar i Palestinakomiteen, Line Khateeb, sluttar seg ikkje utan vidare til utsegna frå sin unge kollega i sentralstyret.

– Vi støttar aksjonar som kan hindre at norske våpen blir brukt i Israel, men vi kan ikkje stå her og seie at vi til dømes støttar innbrot, seier Khateeb til NRK.

Ho presiserer at ho støttar intensjonen bak aksjonen, men ikkje det at Sørensen tok seg ulovleg inn på flybasen.

– Vi vil utfordre spelereglane når vi ser at dei ikkje verkar. Men vi vil absolutt halde oss innanfor lova sine rammer så lenge forholda legg til rette for det.

For aktivisten Ole Bertheus Sørensen står det att å sjå kva konsekvensane blir av den innbrotet på Rygge flystasjon.

– Burde du ikkje ha tenkt på dette med bøter før du tok deg inn?

– Det er absolutt noko som var med meg heile vegen før aksjonen, på veg til aksjonen og i alle fall i etterkant.

Skjermdump palestinakomiteen

Denne e-posten stadfestar at Magnus Barka Hjelle meiner at Palestinakomiteen bør dekke bøtene til Ole Bertheus Sørensen.

Foto: Skjermdump av e-post

Hevdar nødverje

I ettertid har Kongsberg Gruppen hevda at aktivisten ikkje fekk til å skade noko.

Sjølv vil han ikkje gå nærare inn på kva han meiner med at han hevdar å ha øydelagt flydelar inne på flybasen.

Øst politidistrikt stadfesta sist helg hendinga og at den no er under etterforsking.

Ole Bertheus Sørensen sat varetektsfengsla i 17 dagar og er sikta for grovt skadeverk.

– Eg kjem ikkje til å erklære straffskuld fordi eg meiner at det var nødverje og mi borgarplikt for å forhindre folkemord, slår han fast.

Publisert 23.04.2024, kl. 21.55

Read Entire Article