Innlandet Arbeiderparti kallar inn til hastemøte om bondeoppgjeret

1 week ago 130



I kveld kalla Innlandet Arbeiderparti politikarane deira til eit dialogmøte om bondeoppgjeret.

Leiar i Innlandet Ap, Lise Selnes, grunngir hastemøtet med at det er ei sak som vekker stort engasjement blant politikarane og at det er nødvendig med dialog.

– Det er ikkje mykje anna enn at vi vil innleie med saka som står på Stortinget, og få tilbakemelding frå partiorganisasjonen om det, seier leiar i Innlandet Ap, Lise Selnes.

Skal stemma over bøndenes framtid

I morgon skal Stortinget stemma over nye inntektsberekningar for landbruket, som ein del av ein plan for å løfta inntektene til bøndene.

Men bøndene sjølv meiner berekninga det skal stemmast over er feil. Dei meiner den vil ta frå dei moglegheita til å tena meir enn dei gjer i dag.

Bondeopprør stortinget.

Bønder over heile landet meiner inntektsberekninga som regjeringa vil legga til grunn for jordbruksoppgjeret er feil.

Foto: TRULS ALNES ANTONSEN

Derfor har fleire bønder demonstrert over heile landet den siste tida.

I dag er dei samla i hovudstaden. Her skal mange av dei sova utanfor Stortinget natt til torsdag.

Skrota bondefrukost framfor Stortinget

Demonstrasjonane føre Stortinget starta allereie onsdag morgon.

Då avlyste Bondelaget den tradisjonsrike frukosten utanfor Stortinget, og stilte heller ut tomme kjøleskap.

– For å visa at me meiner alvor med at det må forbetringar i talgrunnlaget, erstattar me god norsk bondefrukost med tomme kjøleskap, seier Guro Bjørnstad Heimly, kommunikasjonsrådgivar i Noregs bondelag, til NRK.

Bondeopprør stortinget.

Onsdag morgon hadde Noregs bondelag satt ut tomme kjøleskap foran Stortinget.

Foto: TRULS ALNES ANTONSEN / NRK

Talgrunnlaget som Stortinget skal stemma over torsdag dannar grunnlaget for årets jordbruksoppgjer. Det avgjer kor mykje støtte bøndene skal få frå staten det neste året.

– Me har ikkje lyst til å by på frukost når næringskomiteen på Stortinget serverer ei innstilling som ikkje tar omsyn til realitetane når bondeinntekta skal målast, seier Heimly.

Statsministeren: – Villig til å sjå på justeringar

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier regjeringa har politisk vilje til å løyva «ordentlege pengar» for å komma sinte bønder i møte.

– Me har lagt fram eit godt og balansert opplegg. Så registrerer eg at det går føre seg diskusjonar om dette med timetalet. Det kan føra fram til at me får ei einigheit der, seier Støre.

bondeaksjon i Sørlandsparken

Landbruksminister Geir Pollestad blei møtt av ei stor gruppe sinte bønder før Senterpartiets årsmøte i Agder i mars.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Me er villige til å sjå på justeringar, men det overlèt eg no til dyktige forhandlarar her i Stortinget.

Han avviste å sjå på andre delar av avtalen, som blant anna budsjettpartnar SV også har kritisert. SV-leiar Kirsti Bergstø utfordra Støre i spørjetimen i dag.

Ho meiner det «ikkje er nok» å gjera endringar i timetalet og tok i bruk bøndene sine eigne ord då ho bad om «ærlege tal» og åtvara mot «luftpengar» til bøndene.

Publisert 17.04.2024, kl. 17.35 Oppdatert 17.04.2024, kl. 17.47

Read Entire Article