Ein innsett i Bergen fengsel skal i 12-tida fredag ha gått til angrep på fleire tilsette.
Fungerande leiar Målfrid Kallekleiv stadfestar til BT at det har vore ei alvorleg hending der fem tilsette fekk tilsyn av lege på legevakten. To blir behandla for skade, tre er dimitterte.
Kallekleiv seier hendinga pregar alle tilsette, og vil bli meld til politiet.
Ho vil ikkje svare avisa på om det vart brukt våpen, men seier ingen er livstrugande skadde.