Investerer skattepengar der få tør - tenar godt i Afrika

5 days ago 14



Alice Njeri Kamau opnar døra til fjøset. Det kryr av klukkande høns som kikkar mot menneska som står i døropninga.

Norske skattepengar har vore med på å skyte fart på gardsbruket litt nord for Nairobi.

– Eg har 1000 av denne typen høns, seier Kamau, og forklarer at hønseflokken framfor oss er den mellomste flokken.

Ho har også nokre eldre og nokre yngre. Tanken er at ho alltid har eggproduksjonen i gang.

Norske pengar går ikkje direkte til Kamau sin gard, men dryppa nedover frå Norfund sine kontor rett ved Oslo rådhus, vidare til regionskontoret med utsikt over Nairobi, deretter til Premier Credit i Nairobis finanssentrum - og til slutt til hønsebonde Kamau.

Lånet har gitt ho tilgang på pengar for å investere, til ganske gunstig rente. Skulle ho tatt lån i banken er rentene i Kenya no på 16 prosent - eit rentenivå nordmenn ikkje har sett på 40 år.

– Eg starta med hønene og fekk eit lån på 200.000 shilling (15.000 kroner). Etter at det var nedbetalt fekk eg 250.000, og etter det 300.000, fortel Kamau.

Over tid har ho bygd opp ein gard med fleire tilsette. I tillegg til eggproduksjon har ho også mjølkekyr.

Alice Njeri Kamau er hønsebonde i Kenya, og har låna pengar av Premier Credit. No er representantar frå selskapet på besøk på garden.

Hønsebonden har besøk av leiinga i Premier Credit, der ho har fått lån til å drive garden.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

No har ho besøk av Isabel Wanjohi som jobbar i Premier Credit. Hønsebonden er blant det kenyanske selskapet sine kundar, og kan dermed få tilgang lån med langt lågare renter enn det bankane tilbyr.

Årleg avkastning på over 8 prosent

Det statlege Norfund er blant investorane i Premier Credit. Dermed bidreg norske pengar til at fleire smågründerar i Kenya kan få lån.

Og eit av Norfund sine hovudmål er å bidra til fleire nye arbeidsplassar. Samtidig tenar dei også på investeringane.

Sidan starten i 1997 har fondet hatt ein årleg avkastning på 8,6 prosent, om ein reknar i norske kroner, og om ein reknar i investeringsvaluta er det tilsvarande talet 5,1 prosent.

Akkurat det trur Norfund-sjefen at fleire nordmenn kan ha interesse av å få med seg.

Det er så høgt fokus på USA og Europa at me går glipp av moglegheiter i framveksande økonomiar, seier Tellef Thorleifsson.

NRK møter Thorleifsson på ein takterrasse i Nairobi.

Han står saman med sjefen for Norfunds kontor i Aust-Afrika, og ser ut på byen der heisekraner står på rekke og rad i horisonten.

Det er mykje meir bygging no enn det har vore dei siste åra, i alle fall om ein skal dømme på lydnivået under møtet i dag, seier Thorleifsson til kollegaen.

Tellef Thorleifsson er direktør i Norfund

Tellef Thorleifsson er inne i sitt siste av sju år som Norfund-direktør.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Han ser ut på ein by i vekst, og byggestøyen han viser til er eit av fleire teikn på ein at Kenya er ein økonomi i vekst, noko som også var tema på dagens møte.

Enorm folkevekst i Afrika

I Kenyas tilfelle byr veksten også på utfordringar. Landets gjeldsbyrde er høg. Ifølge Verdsbanken tilsvarer Kenyas gjeld 68,8 prosent av landets brutto nasjonalprodukt.

Utfordringa er ikkje unik for Kenya, men gjeld mange afrikanske land. Ei anna utfordring dei fleste landa på kontinentet står framfor er ein enorm folkevekst.

Om 30 år vil meir enn kvar femte verdsborgar vere frå Afrika sør for Sahara.

FN har rekna seg fram til at det i 2054 vil vere rundt 9,8 milliardar menneske i verda, og at 2,2 milliardar av desse bur i Afrika sør for Sahara i 2054.

I 2060 kan talet ha vakse til nesten 3 milliardar menneske. Det er ein enorm vekst frå 700 millionar afrikanarar i 1995.

Samtidig som Afrika vil gjere eit stort hopp, vil Europa og andre delar av verda oppleve anten tilbakegang eller svak framgang i folketal. Om berre 30 år vil meir enn kvar femte verdsborgar vere frå Afrikas sør for Sahara.

Men sjølv om Afrika ventar ein enorm vekst gir kontinentet knapt utslag på radaren til norske investorar.

Skil seg frå Oljefondet

Innovasjon Noreg sende i 2024 ut ei pressemelding der dei melde om ei styrking av eksportkontora i Canada og USA - og at dei samtidig la ned sitt einaste kontor i Afrika.

Heller ikkje oljefondet – som berre kan investere i børsnoterte selskap - har Afrika særleg i fokus.

Berre ein halv prosent av Oljefondets investeringar er i selskap med hovudkontor i Afrika sør for Sahara. Dei aller, aller fleste av desse er i Sør-Afrika, medan nokre få er i Kenya.

Det manglar dels kompetanse, men når det gjeld investeringar som går på investering i såkalla børsnoterte aksjar, så er det også mangel fordi Afrika utgjer ein veldig, veldig liten del av totalmarknaden. Difor bruker ein også lite tid på det, seier Tellef Thorleifsson.

Norfund har vidare rammer enn Oljefondet og kan kjøpe unoterte aksjar. Og deira mandat er nettopp å sjå mot såkalla framveksande økonomiar.

Samtidig er Norfund eit særs lite fond samanlikna med Oljefondet. For sjølv om Norfund har 59,5 prosent av investeringane sine i Afrika, så er Oljefondet langt større, også i Afrika.

Når 0,5 prosent av Oljefondet vert rekna om til kroner og øre tilsvarer det 105 milliardar kroner. Til samanlikning er heile Norfunds portefølje «berre» på 43 milliardar kroner.

Uansett storleik, så er avkastninga god for Norfund etter fleire år i framveksande økonomiar.

Vekstraten her i Kenya er i år på 5,5 prosent. Mens i Noreg er den på halv prosent, og det er veldig, veldig svak vekst. Så det er høg vekst i mange av desse marknadane, seier Thorleifsson om afrikanske økonomiar.

Samla for Afrika sør for Sahara forventar Den afrikanske utviklingsbanken ein vekstrate i økonomien på 4 prosent i 2026.

Bygde fabrikk etter Norfund-investering

Raj Bains, direktør i Kim-Fay, viser Norfund-styret rundt på selskapets flunkande nye fabrikk.

Du kan sjå at det er ein ganske stor blanding av ulike typar papiravfall som går inn der, roper Bains over lyden av maskinar.

Han peikar på eit samleband der arbeidarar puttar papir, som blir frakta inn i fabrikken og blir omgjort til toalett- og tørkepapir.

Selskap som bidrar til avfallshandtering og gjenvinning er noko av det Norfund ønsker å satse på.

Difor har dei investert i Kim-Fay, som deretter bygde den nye fabrikken som skal bidra til vekst og fleire arbeidsplassar. Samtidig får noko av Kenyas søppel nytt liv.

Norfund har vore til hjelp med økonomisk og teknisk assistanse for å få opp denne fabrikken. Dei har gitt oss mange råd, og vore veldig viktige. Eg opplever at dei legg meir til rette enn andre investorar, og at dei tilpassar seg plutselege endringar i marknaden mykje betre enn andre, seier Bains.

To menn står ved fleire pallar med do- og tørkepapir.

Brørne Bains satsar på papir i Kenya.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Foreldra starta opp bedrifta, som han styrer saman med bror sin. Ikkje ei heilt unik historie i Kenya, der det er vanleg med familiebedrifter eigd av kenyanarar som har indiske røter.

Norfund har også fått kritikk for investeringar som er gjort:

Nokre særskilde finansielle utfordringar i Afrika

Usikker valuta, høge lånerenter og mangel på pengar til å investere. Dette er nokre av fleire utfordringar for å få til gode forretningar i afrikanske økonomiar.

I tillegg kan høg risiko skremmer ofte bort investorar. Og korrupsjon, politisk uro og ein dårleg rettsstat kan vere realiteten i afrikanske land.

Thorleifsson meiner biletet er nyansert.

Det er også høg risiko i USA om dagen. Me har politisk risiko i Europa. Også er det jo ein del ulike risikoforhold å ta omsyn til. Ofte blir risikoen i Afrika overvurdert fordi det skjer mykje. Det er umodne regime, og kan vere stadige skifter. Men veksten er altså samtidig stor i fleire land, seier fondssjefen.

Meir bistand eller meir investeringar?

Norfund opererer i skjeringspunktet mellom finans- og bistandssektoren.

Fondet får tilført midlar over bistandsbudsjettet, og Thorleifsson meiner fondet bør få meir pengar.

– Men store delar av bistandsbudsjettet går til flyktningar og andre som er avhengige av naudhjelp. Vil ikkje dei få mindre om Norfund skal få meir?

Eg meiner me bør behalde bistand, men me skal sjølvsagt gjere meir av det som verkar, og mindre av det som ikkje verkar. For eksempel i helse, utdanning og den type område er bistand avgjerande. Og ikkje minst naudhjelp er viktig, seier Thorleifsson.

Og det er difor fondet har kunnskap om marknader som få andre i Noreg har like mykje kunnskap om.

Me ser investorar frå Midtausten som i aukande grad engasjerer seg i Afrika. Tyrkia, Asia, ikkje berre Kina, men også andre asiatiske land. Mens Europa held seg tilbake og har vore relativt konservative.

Det finst nokre norske unntak. Yara, Jotun, Equinor og Scatec er blant dei store selskapa som har aktivitet i afrikanske land. Ein del mindre selskap med norsk eigarskap finst også.

Men i det store biletet er det lite norske pengar på jobb i Afrika. Samtidig vil han ikkje rosemåle det å starte bedrifter i ein heilt annan del av verda.

Det er ikkje slik at fordi det er høg vekst er det umiddelbart enkelt. Det tek si tid, og det er ein del gründerar som har slite i afrikanske marknadar. Men det er moglegheiter. Gjer heimeleksene, fokuser og jobb med lokale partnarar, seier Thorleifsson.

Publisert 03.05.2026, kl. 20.01

Read Entire Article