Rafah ligg sør på Gazastripa, inntil grensa med Egypt.
Israel reknar byen som den siste bastionen til Hamas på Gazastripa, og har gjort alle nødvendige førebuingar for å ta over styringa i området, seier talspersonen.
Nyheitsbyrået skriv at vedkommande er ein toppleiar i IDF.
Framleis må dei få regjeringa og statsminister Benjamin Netanyahu si godkjenning før angrepet startar, seier dei vidare.
Ein bakkeinvasjon her har vore varsla, men verka å vere sett på pause då Israel trekte mesteparten av styrkane ut av Sør-Gaza i starten av månaden.
Samtidig driv Israel krig på ein annan front, med Hizbollah sine styrkar i sørlege Libanon.
Dei israelske styresmaktene seier til AFP at dei utfører eit angrep i området onsdag ettermiddag.
Publisert 24.04.2024, kl. 15.13 Oppdatert 24.04.2024, kl. 15.24