Israels forsvarsminister: Gaza er i brann

5 hours ago 2



– Det israelske forsvaret slår til mot terror-infrastruktur med jarnhand, skriv den israelske forsvarsministeren Israel Katz på X.

Katz åtvarar om at Israel «ikkje vil gje seg» før landet har frigitt alle gislane og slått ned på Hamas.

Eksplosjonar frå Gaza høyrast i Israel

Eksplosjonane frå Gaza kan høyrast i Israel, ifølgje fleire israelarar.

Den israelske kommentatoren Ori Goldberg skriv på X at bombinga av Gaza er så intens at «bomber kan høyrast» i sentrale delar av Israel.

Goldberg som er ein kritikar av regjeringa til Benjamin Netanyahu, skriv at det som skjer på Gaza er «utsletting» og «folkemord».

Skjermdump frå X

Skjermdump frå X-innlegget til Ori Goldberg.

Foto: Skjermdump frå X

Arbel Yehoud som protesterer utanfor bustaden til Netanyahu i Jerusalem, seier også at eksplosjonane frå Gaza kan høyrast i Israel, ifølgje Al Jazeera.

Yehoud blei sjølv tatt til fange av Hamas 7. oktober, og protesterer no for kjærasten Ariel Cunio, som framleis er fange i Gaza.

– Min Ariel er i reell fare, seier ho og legg til:

– Eksplosjonane frå Gaza ristar både veggane og hjartet mitt.

en person som drikker fra en flaske

Arbel Yehoud, bilete frå då ho blei frigitt av Hamas under ei fangeutveksling.

Foto: Jehad Alshrafi / AP / NTB

Rubio: Hamas har kort tid på å godta våpenkvile

Samstundes meiner USAs utanriksminister Marco Rubio at Qatar er den einaste aktøren som kan få Hamas til forhandlingsbordet, til trass i at Israel nyleg bomba eit bygg i landet der Hamas-leiarar oppheldt seg.

– Om det finst eitt land i verda som kan bidra til å få slutt på dette gjennom forhandlingar, så er det Qatar, seier Rubio tysdag på veg til Doha.

Rubio har vore nokre dagar i Israel. Der åtvara han om at Hamas berre har veker, om ikkje dagar, til å godta ein våpenkvile.

– Israelske styrkar startar operasjonar. Vi har ikkje månader lenger, kanskje berre dagar, seier han.

Førre veke utførte Israel eit luftangrep mot eit bygg i Qatar der det føregjekk forhandlingar med leiarar i Hamas.

en mann i dress som peker på en annen mann i dress

Den amerikanske utanriksministeren var nyleg i Israel. Her med den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu ved klagemuren.

Foto: Nathan Howard / Reuters / NTB

– Dette er bevis på at Israel ikkje vil ha fred, uttalte utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) etter angrepet.

Rubio er no på veg til hovudstaden Doha, og meiner Qatar sjølv må avgjere om dei framleis vil spele rolla som meklar.

Leger utan grenser: – Dette er folkemord

Christopher Lockyear, generalsekretær i Leger utan grenser, fordømmer Israels intensiverte angrep, melder Al Jazeera.

Han ber verda handle raskt for å sikre våpenkvile.

Han peikar på at mange eldre, sjuke, høggravide og såra i Gaza by ikkje kan flykte.

– Dei som blir att, er i realiteten dømde til døden, medan dei som flyktar gjer det under tunge bombeangrep, seier han.

Lockyear åtvarar om at dei som overlever, hamnar i overfylte område i sør utan tryggleik eller det mest nødvendige for å leve.

– Dette er ikkje berre ei humanitær krise. Det er systematisk øydelegging av eit folk. Israel utfører folkemord mot palestinarane i Gaza, og gjer det utan straff, seier han.

Er du interessert i meir utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen si podkast:

Publisert 16.09.2025, kl. 07.08 Oppdatert 16.09.2025, kl. 08.03

Read Entire Article