«Pip, pip, pip». Matvare etter matvare blir skanna, og Ivar Dvergsdal puttar dei rett i det handlenettet han har tatt med seg.
Det er alltid med. Skulle han gløyme det, spring han ut att i bilen eller ber varene med seg.
– I fjor kjøpte eg éin plastpose, fortel han.
Ei sak om ein kval med 30 plastposar i magen, var ein stor vekkjar for han.
– Etter det bestemte eg meg for at no var det nok. Vi må skjerpe oss.
Langt unna nytt EU- krav
Men Ivar Dvergsdal sitt eine plastposekjøp i fjor, er ganske unikt.
I snitt kjøpte vi nordmenn nemleg 54 plastposar i 2025.
Det er langt unna EU sitt mål for fjoråret, som var 40.
Alle land i EU eller EØS er pålagt å redusere unødig plastposebruk, som mellom anna forsøplar havet.
Handelens Miljøfond jobbar hardt for at vi nordmenn skal nå EU- kravet.
«Det store posekuttet» er eit tiltak frå dei.
Dei er ikkje heilt nøgde med fjorårets plastposetal.
– Vi ser at det fungerer, men vi har framleis ein veg å gå, seier kommunikasjonsansvarleg Stian Kallekleiv.
Eit problem er at mange gløymer att handlenettet, og dette har dei prøvd å jobbe med. Mellom anna med å få opp plakatar utanfor butikkar.
– Målet vårt er å greie kravet i år, seier Kallekleiv.
– Kva skjer om Noreg ikkje greier målet om 40 posar per innbyggjar?
– EU har ikkje meldt kva som blir konsekvensen. Men forhåpentlegvis reduserer vi posebruken så raskt i løpet av året at vi ikkje treng å finne ut av det heller.
Menn over 30 verst
Ei undersøking Handelens Miljøfond har gjort syner at folk er meir økonomisk bevisste, og dermed planlegg handelen betre.
– Då hugsar dei oftare på å ta med handlenett heimafrå.
Då står det verre til med spontane handleturar. Plastpose-«verstingane» er menn over 30 år, ifølge undersøkinga.
Renè Haugen har blitt mykje meir bevisst på plastposebruken dei siste åra og prøver alltid å ha med medbringa handlenett.
Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRKVed kassa på Coop Extra i Førde finn vi eit heiderleg unntak i gruppa menn over 30, nemleg Renè Haugen.
41-åringen tek lunsjen under armen i dag, og han passar på å ha med seg handlenett til vanleg.
– Eg er nok meir bevisst på det no enn tidlegare. Både med tanke på prisen, men også miljøet.
Haugen er slik sett i godt selskap med mange nordmenn.
Det går nemleg rette vegen. Spolar vi nokre år tilbake i tid brukte kvar nordmann i snitt 135 plastposar i året.
I 2024 var talet nede i 69, og i fjor hamna vi altså på 54.
Dette samsvarar med kva butikksjef Marit Botnen ved Coop Extra Kronborg ser.
– Vi ser ein stor nedgang i salet og ser at ein stor prosent har med seg gjenbruksnett, seier ho.
– Bortkasta pengar
På ein annan butikk i same by møter NRK fleire kundar som er opptekne av miljø og pris. Men så var det dette med å hugse på å ta med handlenett ...
Ronja Urheim irriterer seg litt over prisen på plastposar, som no har bikka sju kroner.
– Det er jo i grunnen bortkasta pengar.
Arild Romarheim er i same båt.
– Eg er for slapphendt. Eg har fleire heime, men gløymer å ta dei med.
Ekteparet Herman og Astrid Heimseter storhandlar denne dagen, og må rett nok kjøpe ein plastpose for å romme alle varene. Men til vanleg får dei alt med seg i medbringa plastposar og handlenett.
– Vi tenkjer på miljøet, seier Herman.
Herman og kona Astrid Heimseter gjer unna storhandelen i Førde denne formiddagen. Handlenett og medbringa plastpose er alltid med.
Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRKPublisert 26.01.2026, kl. 16.19










English (US)