Jærbanen bør prioriterast fordi 718 årsverk forsvinn i forseinkingar

2 days ago 5



DEBATT: Heilt Nye Baner trengst, då 718 årsverk forsvinn i togforseinkingar frå ny rapport frå samferdselsministeren.

Me har rett og slett vore inne på tanken om at tida kanskje er moden for å privatisera banen også, og ikkje berre drifta på Jærbanen, skriv KrF-politikar Vegard Snoksrud-Stokland. Foto: Andreas Askildsen
  • Vegard Snoksrud-Stokland

    Kommunestyrerepresentant for Klepp KrF

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Er tida moden til å ta debatten om drifta av banen burde vore privatisert? Ifølge artikkelen om Jærbanen tidleg i haust i Aftenbladet, verkar det som at Norges samferdselsminister frå Arbeidarpartiet ikkje har teke innover seg at Jærbanen er ryggrada i transportsystemet i Sør-Rogaland.

Til opplysning for samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (AP), er det rundt 5,8 millionar togreisande som tek toget på Jærbanen årleg (2024), samanlikna med togstrekket Oslo-Lillehammer og Flytoget som har om lag 5,5 millionar årlege togreisande (2023).

Stort etterslep på vedlikehald

Då burde dobbelsporet på Jærbanen vore prioritert i Nasjonal transportplan. I staden har samferdselsminister Nygård frå Fredrikstad valt å prioritera 23 milliardær kroner til dobbelspor Råde til Fredrikstad, ei strekning med 3,4 millionar togreisande i 2024. Dette er hårreisande, men ikkje overraskande av ei austvenleg regjering.

I staden for å løyse problema, har regjeringa valt å utsetje dei ved å forlenga datostemplinga for når togsetta går ut på dato. Ikkje nok med å vedta at togsetta varer lenger, det er heller ingen nye vedlikehaldsprogram for å oppgradera togsetta til å tole ei lengre levetid. Det har blant anna ført til at det synest vanskeleg å finna firma, som er villige til å halda ved like togsetta.

Dette har igjen skapt ein auka trend på Jærbanen med innstilte tog, noko som er eit resultat på etterslepet av vedlikehaldet på togsetta. For ei tid sidan såg fleire kommunar at dersom me skulle få fart på sakene og løysa floka, måtte me sjølve bidra med pengar til oppdatering og supplering av kunnskapsgrunnlag.

Me må tenkja nytt

I det minste kunne regjeringa unnt oss nye togsett på Jærbanen, og utbetring av stasjonsområda til å takla lenger togsett. I staden har ingenting skjedd, og for Klepp KrF har me begynt å tenkje i Heilt Nye Baner. Me har rett og slett vore inne på tanken om at tida kanskje er moden for å privatisera banen også, og ikkje berre drifta på Jærbanen. Slik at dobbelsporet på Jærbanen ikkje berre er ein draum, men for at t utbygging av Jærbanen til dobbelspor blir eit faktum.

Dobbelsporet vil kunne auka kapasiteten og frekvensen til toga, og ikkje minst redusera eller fjerna vedlikehaldsetterslepet Jærbanen har. Dette vil vere samfunnsøkonomisk lønnsamt, og godstransport vil i større grad flyttast frå veg til og bli verande på banen. Etter alle solemerke skjer ikkje ei privatisering av banen i denne omgang, og iallfall ikkje med den regjeringa me ser for oss i gjeldande stortingsperiode. Likevel ber me samferdselsministeren Nygård reinsa øyra, og lytte til krava frå den nye Rogalandsbenken: Jærbanen må prioriterast!

Publisert:

Publisert: 3. januar 2026 12:50

Read Entire Article