Langrennsløpar Jessica Diggins legg opp etter sesongen, skriv ho i eit innlegg på Instagram.
– Det blir vanskeleg å gå bort frå sporten og laget eg elskar så høgt, men det følast også riktig i hjartet mitt, eg gler meg til å opne eit nytt kapittel i livet mitt, skriv amerikanaren.
– Langrenn har gitt meg meir glede, motstand, mot og fellesskap enn eg nokon gong kunne førstilt meg, legg ho til.
Diggins har i ei årrekke vore blant verdas beste langrennsløparar. Ho vann verdscupen samanlagt sist sesong.
I alt har langrennsløparen tatt ti internasjonale meisterskapsmedaljar på seniornivå. Ho har også 25 enkeltsigrar i verdscupen.
Eit OL-gull i lagsprint og to VM-gull i lagsprint og 10 kilometer fristil har blant anna også funne vegen til det som har blitt ein innhaldsrik merittliste.
















English (US)