Kallar inn til pressekonferanse om skattekommisjon

1 month ago 24



Finansministeren gjekk sjølv ut i VG torsdag kveld og annonserte at regjeringa vil sette ned ein kommisjon.

Ifølgje Stoltenberg er målet å finne ein skattepolitikk som det kan vere brei politisk einigheit om.

No kallar han pressa inn til møte for å orientere om saka.

Positiv professor

Økonomiprofessor Ragnar Torvik er positiv til regjeringa sitt forslag om ein ny skattekommisjon.

– Eg trur ein ny kommisjon med brei politisk samansetning er det naturlege neste steget no, seier Torvik.

Han leia den førre store faglege utgreiinga om skatt i Noreg. Skatteutvalet la fram sin rapport i 2022, men regjeringa følgde den ikkje opp med ei stortingsmelding.

– Det var eit ekspertutval. At det no blir tatt over i den politiske sfæren synest eg er positivt. Dersom vi ikkje får eit forlik om skatt, så er det ein fare for at vi kan få store endringar i skattepolitikken kvart fjerde år, avhengig av kven som vinn valet. Det ville vere svært uheldig. Vi treng stabilitet i skattepolitikken og då må politikarane prøve å bli einige, i alle fall om nokre berebjelkar, seier Torvik.

Ragnar Torvik

Ragnar Torvik er økonomiprofessor ved NTNU.

Foto: NRK

Han framhevar at hovudforslaget til Skatteutvalet var å kutte inntektsskatt for dei med låg og middels lønn. Det trur han det kan bli politisk fleirtal for.

Kritisk opposisjon

Leiar i Høgre Erna Solberg kallar invitasjonen for politisk spinn.

– Dette verkar som politisk spinn, eit forsøk på eit triks frå Stoltenberg i håp om å parkere skattedebatten fram til valet. Det kjem han ikkje til å lykkast med, skriv Solberg i ei pressemelding.

– Det er veldig rart å lese Stoltenberg sitt intervju i VG. Høgre har ikkje fått nokon signal frå Arbeidarpartiet om at dei ønsker noko skatteforlik. Arbeidarpartiet har auka skattane i snart fire år, og ingenting tyder på at dei ønsker å endre kurs, seier ho.

Venstre-leiar Guri Melby (V) er skeptisk til forslaget.

– Eg synest det er vanskeleg å sjå på dette som noko anna enn eit valkampstunt som handlar om å utsette ei vanskeleg sak til over valet, seier ho til NRK.

Ho legg til at Venstre er positivt innstilt til breie skatteforlik.

GurI Melby

Leiar i Venstre Guri Melby er skeptisk til Stoltenberg sine intensjonar med skattekommisjonen.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Eg vel å ta Stoltenberg i beste meining. Om han ønsker breie forlik kjem vi på møtet med ein gang. Men om dette berre handlar om å utgreie, sette ein kommisjon og skyve på spørsmålet, er eg svært kritisk.

Også Frps leder Sylvi Listhaug er kritisk. Ho sende torsdag kveld et brev til finansministeren.

– Noreg trenger ikkje ein ny skattekommisjon, vi trenger skattelette. Vi takkar derfor nei til å komme med innspel til mandatet for ein ny skattekommisjon, skriv Listhaug i brevet NRK har sett.

Publisert 07.03.2025, kl. 10.47 Oppdatert 07.03.2025, kl. 10.59

Read Entire Article