Kan ta ein generasjon før eit fiskeforbod aukar bestanden

1 day ago 7



Frå og med 1. januar 2026 blir det innført såkalla nullfiskeområde, altså i praksis eit fiskeriforbod, i delar av Oslofjorden.

Det kan ta ein generasjon eller meir før eit fiskeforbod aukar bestanden i Skagerrak.

I 2019 blei det stopp i torskefiske på strekninga Portør i Telemark til svenskegrensa.

Så langt har ikkje forskarane sett ein effekt.

– Eg trur vi må førebu oss på at Skagerrak treng varig hjelp, seier forskingssjef Sigurd Heiberg Espeland ved Havforskingsinstituttet.

En mann med gul redningsvest og caps står i en båt

Sigurd Heiberg Espeland er forskningssjef ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

Mange utfordringar

I utgangspunktet er Skagerrak eit ekstremområde for torsk, ifølge forskingssjefen.

For kaldt vatn om vinteren, og veldig varmt om sommaren.

– Med dei badetemperaturane som vi har hatt veldig glede av dei siste vekene, det er jo langt over kva ein torsk føretrekker. Dei blir jo kokte nå, seier Heiberg Espeland.

Da må torsken trekke djupare ned i kaldare vatn, og der er det kanskje mindre mat, fortel han.

– Det er veldig mange utfordringar torsken står overfor.

Må andre tiltak til

Mange yrkesfiskarar reagerer sterkt på fiskeforbodet, og seier at det betyr kroken på døra for dei.

For familiebedrifta Færder Sjømat var det ein tung beskjed å få. Dagleg leiar Tobias Rosendal Bech meiner det må andre tiltak til.

En person som står på en båt. I forgrunnen er det kasser med reker

Tobias Rosendal Bech (25) er dagleg leiar i familiebedrifta Færder Sjømat.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

– Om dei ikkje set inn tiltak for å drive med restaurering, altså ta opp spøkelsesteiknar og marint avfall, så kjem det til å ha ein liten effekt. Dessverre.

Han meiner regjeringa er desperate etter ei løysing og at det da er lett å fjerne fiske.

– Nå må tiltaka komme for at det skal bli ein frisk og fin oslofjord med eit rikt biologisk mangfald i dei verna områda.

På Hvasser i Færder kommune er Ivar Kanten rekefiskar. Han meiner at nitrogenreinsing i Oslofjorden må på plass først, før det kan bli noko auke av artar i fjorden.

Ivar Kanten, rekefisker på Hvasser i Færder

Ivar Kanten er rekefiskar på Hvasser i Færder kommune.

Foto: Philip Hofgaard

– På Vestfoldsiden er det innføring, oppstart og i igangkøyring i 2032. Da er det tre år igjen av den fredingsperioden. Så det seier seg sjølv at reinsing først og tiltak etterpå hadde vore den rette måten å gjere det på.

Ikkje gjort i ei handvending

Forskingssjef Heiberg Espeland seier at det ikkje er gjort i ei handvending å reparere havet.

Han er redd det kan ta ei god stund.

– Eg trur ikkje vi skal vente at vi får ein rask effekt, at neste år blir det meir fisk og at vi kan fiske masse.

– Men eg håpar eg blir overraska.

Publisert 30.07.2025, kl. 11.20

Read Entire Article