Keepertabbe då MFK gjekk på årets første tap

1 week ago 12



Molde Fotballklubb fekk kampens første mål, men tapte til slutt 1–2 for Odd på Aker Stadion i kveld.

Molde-keeper Jacob Karlstrøm serverte vinnarmålet til Odd 20 minutt før slutt. Han rota til eit tilbakespel og sende klareringa rett i ein Odd-spelar.

Returen blei plukka opp av 17 år gamle Faniel Tewelde, som sette ballen i eit opent mål.

– Eg feilberekna tilbakespelet, så då kjem han for nært, og eg var maks uheldig derifrå. Det er tynt av meg, seier Karlstrøm til NRK.

Sesongens første tap

Kristian Eriksen scora for MFK etter 33 minutt, men Odd utlikna berre nokre minutt seinare ved Bork Bang-Kittilsen.

Telemarkingane vann dermed 2–1 og MFK fekk sesongens første tap etter å ha vunne dei tre siste kampane.

Dei to baklengsmåla var også dei første som Molde har sleppt inn i år.

Publisert 17.04.2024, kl. 20.12 Oppdatert 17.04.2024, kl. 20.29

Read Entire Article