Det enda uavgjort mellom Bayern München og Barcelona i det første semifinaleoppgjeret i Meisterligaen. Berre minutt før slutt skjedde det noko uventa.
– Bisarr hending på bisarr hendig i Meisterligaen denne sesongen, seier Disney+-kommentator Endre Lübeck.
Bayern Münchens Franziska Kett har akkurat fått raudt kort for å ha dratt Salma Paralluelo i flettene.
Det same skjedde i ein av dei tidlegare kampane i årets Meisterliga.
– Det er ein merkeleg situasjon som skjer runde etter runde i Meisterligaen, legg han til.
LUGGING: Franziska Kett drog i håret til Salma Paralluelo.
Foto: Robin Rudel / REUTERS,NTB– Det er ein kontroversiell ting å gjere
I kvartfinalen mellom Chelsea og Arsenal skjedde det noko liknande. Arsenals Katie McCabe greip tak i håret til Alyssa Thompson og drog ho i hestehalen. Den gongen fekk ikkje Chelsea-spelaren frispark.
I laurdagens semifinale fekk lugginga større konsekvensar. Franziska Kett, som skåra målet for Bayern München, fekk raudt kort og måtte forlate banen. Bayern-trenar José Barcala reagerte så kraftig på utvisinga at også han fekk det raude kortet.
– Det er ein kontroversiell ting å gjere. Veldig merkeleg situasjon. Berre «røskar til» i flettene der, seier Lübeck.
Han kommenterte kampen i lag med ekspert Melissa Bjånesøy.
– Det er fasinerande at me ser same situasjon igjen, seier ho og legg til:
TIDLEGARE STABÆKSPELAR: No ekspert, Melissa Bjånesøy.
Foto: BILDBYRÅN– Det kan hende ho prøvar å dra i drakta, men får tak i noko anna. Det er ikkje heldig.
Etter kampen er Bayern München-trenaren tydeleg på at han er ueinig i dommarens avgjerd.
– Salma har så langt hår. Det er ingen intensjon der om å ta tak i håret hennar. Det kan vere at ho prøver å dra i drakta, men håret er i vegen og ho får tak i det, seier han til Disney+ .
– Eit gult kort kunne eg ha forstått, men aldri eit raudt.
Barcala meiner ein er nøydde til å ta ein diskusjon om slike hendingar i kvinnefotballen.
– Hadde vore rasande
Også i utlandet skapar lugginga reaksjonar:
– Eg har ikkje peiling på kvifor me ser det så mykje oftare i kvinnefotballen. Det er nesten som om me ser at «copycat-situasjonar». Det er så merkeleg, seier tidlegare landslagsspelar for England, Lianne Sanderson på Disney +.
Men det er ikkje berre i kvinnefotballen dette skjer:
Den tidlegare fotballproffen fortel at ho av og til skjønar når folk seier «eg gjekk etter skjorta», men held fram:
– Det er også ganske krenkande å bli dratt i håret.
– Eg hadde vore rasande om nokon hadde gjort det på meg, seier Sanderson til ESPN.
– Må nyanserast
NRK-ekspert Carl-Erik Torp følgjer kvinnefotballen tett. Han blir litt betenkt når han får sjå bileta frå laurdagens meisterligasemifinale.
– Kva skal ein seie om dette då? Eg har jo høyrt argument tidlegare når dette skjer om at man eigentleg prøver å dra i drakta, men er uheldig og dreg i håret, seier Torp.
Han meiner me ikkje kan ta for gitt at Franziska Kett gjorde dette med vilje.
EKSPERT: Carl-Erik Torp
Foto: Geir Olsen / NTB– I dette tilfellet ser det for meg ut som at ho prøver å stoppe motstandaren ved å halde i drakta, som ville gitt gult kort, men endar opp med å halde fast i håret sidan det er langt. Men konsekvensen blir jo då ei heilt anna, seier Torp.
Han meiner kvinnefotballen internasjonalt utviklar seg i stort tempo og at halding har blitt ein meir naturleg del av spelet dei siste åra.
– Dette må nyanserast. Dersom det er tydeleg halding i håret for å ta ein motstandar, då er det forkasteleg. Men ein skal vel heller ikkje oppnå ein fordel om ein har langt hår som slår rundt seg, seier han.
KJEMPAR OM FINALE: Barcelona med Caroline Graham Hansen kjempar om ein plass i finalen i Meisterligaen.
Foto: Robin Rudel / REUTERS,NTBKampen mellom Bayern München og Barcelona er den første av to kampar i semifinalen i Meisterligaen.
Begge laga står no likt før returoppgjeret. Vinnaren møter enten Arsenal eller Lyon i finalen i Meisterligaen, som blir spelt på Ullevaal stadion i Oslo 23. mai.
Publisert 25.04.2026, kl. 22.28 Oppdatert 25.04.2026, kl. 22.44










.jpg)






English (US)