– Er det nok timar i døgnet til å utføra 180 prosent jobb?
Det spørsmålet stiller Christel Eriksen, som er føretakstillitsvald for legeforeininga på Finnmarkssykehuset.
Eystein Hauge har vore tilsett i ei 100 prosent stilling som kommuneoverlege i Voss herad sidan 2018.
I tillegg eig han 50 prosent av eit konsulentselskap. Via dette selskapet vart han frå januar 2024 leigd ut til Finnmarkssykehuset, der han jobbar 80 prosent som medisinsk direktør.
Dei siste vekene har debatten om leiarlønningar i helseføretaka rasa. At det er mogleg å ha to så store stillingar i det offentlege set fleire sinn i kok.
Men arbeidsgjevarane til Hauge er godt nøgde med jobben han gjer.
Altaposten og Avisa Hordaland har tidlegare skrive om saka.
Svært krevjande jobb
Eriksen peikar også på kvar lønna til Hauge kjem frå.
Christel Eriksen er tillitsvald for legeforeningen ved Finnmarkssykehuset.
Foto: Jo Hermstad Tronsen / NRK– Det er fellesskapet sine pengar. Då forventar eg at det offentlege får tilbake det dei skal ha av kompetanse, tid og tilgjengelegheit.
Paul Olav Røsbø har tidlegare vore kommuneoverlege i Loppa. No er han leiar i Finnmark legeforening og sit i styret for Leger i Samfunnsmedisinsk Arbeid.
– Eg kjenner ikkje til kor veldrive Voss herad er, men eg veit av eigen erfaring at ein kommuneoverlege som ikkje er fysisk i kommunen vil vera veldig hemma i sitt arbeid. Finnmarkssykehuset på si side er opplest og vedteke i krise. Jobben som fagsjef forventar eg at er svært krevjande.
Han meiner Finnmarkssykehuset allereie «lid nok som det er» av at styremedlemmar og leiarar ikkje bur i fylket.
– Konklusjonen blir at uansett korleis ein vrir og vender på det vil minst ei av Hauges arbeidsoppgåver bli venstrehandsarbeid. Truleg begge.
Eystein Hauge (bak) saman med direktør i Finnmarkssykehuset, Ole Hope.
Foto: Stian Strøm / NRKTrygt for pasientane
Denne veka er det fylkesting i Finnmark. Venstrepolitikar Trine Noodt varslar at dei der seier tydeleg ifrå om det ho kallar «tillitsbrotet» mellom styret Finnmarkssykehuset og direktøren, og befolkninga i Finnmark og pasientane.
– Eg meiner det er opplagt at det ikkje er mogleg å gjera ein like god jobb når du jobbar 100 prosent ein annan plass, seier Trine Noodt (V).
Foto: Johan Isak Niska / NRK– Pasientane fortener at dei som er direktørar og som er høgt oppe i nivå faktisk er dedikerte til den oppgåva dei har og konsentrer seg om å gjera ein god jobb her i Finnmark.
– Det er ikkje fysisk mogleg å ha to så store stillingar to så ulike stader der ein er fysisk til stades begge stader. Det kan berre julenissen, seier pasient- og brukarombod Jannicke Bruvik.
Jannicke Bruvik er pasient- og brukarombod.
Foto: Arne StubhaugMen ho trur ikkje pasientar verken i Finnmark eller i Voss vil merka noko til jobbsituasjonen til Hauge.
– Det er lite direkte kontakt med pasientar i begge desse stillingane, så sannsynlegvis vil dei ikkje merka det. Stillingane gjer at han ikkje sit ansvarleg for enkeltpersonar.
Avtalte at han kunne ha fleire jobbar
Hovudtariffavtalen i staten seier at «Arbeidstakere må ikke inneha bistillinger, bierverv, styreverv eller andre lønnede oppdrag som kan hemme eller sinke deres ordinære arbeid med mindre det foreligger særskilt pålegg eller tillatelse.»
Då Hauge vart tilsett i Voss herad i 2018, vart det laga nettopp ein slik «særskilt avtale».
Avtalen seier at han kunne ta på seg jobbar gjennom konsulentselskapet sitt samtidig som han jobbar som kommuneoverlege.
Rådmann i Voss Herad, Martin Kulild fortel at då Hauge blei tilsett hadde Voss ein lang og vanskeleg periode bak seg.
Martin Kulild er rådmann i Voss herad.
Foto: PrivatI fleire år hadde dei vore utan kommuneoverlege, og konsulentar utførte jobben. Kulild skildrar situasjonen som kostbar og lite føreseieleg. Ein av desse konsulentane var Hauge, opplyser Hauge sjølv.
Hauge fortel at stillinga blei lyst ut på ordinært vis då Voss ønskte å vidareføra engasjementet hans som ei tilsetjing.
– Mi vurdering er at Voss herad i perioden 2015–2018 hadde fått erfara at det var mogleg å kombinera kommuneoverlege-funksjonen med andre konsulentoppdrag, og det bidrog nok til den nødvendige tryggleiken for at Voss herad sine interesser ville bli ivaretekne for framtida, også i den aktuelle konstellasjonen, skriv Hauge til NRK.
Han viser til koronapandemien som kom til Noreg i 2020.
– Syretesten kom under pandemien. Sidan denne innretninga fungerte då, står den seg nok også for framtida.
Arbeidsmiljølova regulerer kor mykje ein arbeidstakar kan jobba. Men når det er fleire arbeidsgivarar involvert,er det ikkje eit brot på lova å jobba meir enn 100 prosent totalt.
Arbeidsgivarane meiner han gjer ein god jobb
NRK har lagt fram kritikken for Hauge. Verken Hauge sjølv eller Finnmarkssykehuset vil stilla til intervju med NRK.
Dei svarar ikkje på spørsmåla dei har fått tilsendt, men har sendt skriftlege kommentarar.
Hauge skriv til NRK at han er ueinig i påstandane som blir lagt fram i denne saka. Han viser til at så lenge oppdragsgivarane og arbeidsgivarane hans er nøgde, så er han nøgd.
Han viser vidare til Voss herad og Finnmarkssykehuset. Han peikar på at konsulentselskapet hans ikkje kommenterer kva dei bistår sine kundar med, og at han derfor ikkje vil bli intervjua.
Kommunikasjonssjef i Finnmarkssykehuset, Eirik Palm, skriv i ein e-post at dei er kjende med Hauge sin jobb i Voss og at han er partnar i konsulentselskapet NEO Consulting AS.
Finnmarkssykehuset vil ikkje stilla til intervju med NRK.
Foto: NRKDei kjenner også til avtalen Hauge har med Voss herad og at denne «gir han full anledning til å påta seg den type oppdrag han no har for Finnmarkssykehuset».
Han presiserer at Hauge ikkje er tilsett hjå dei, men innleigd som konsulent i rolla som medisinsk direktør, for å bistå med reorganiseringsprosessen sjukehuset gjennomfører.
Både Voss herad og Finnmarkssykehuset presiserer at dei er godt nøgde med arbeidet Hauge gjer.
– Eg er veldig godt nøgd med den leveringa me får, seier rådmann Kulild til NRK.
– Finnmarkssykehuset er svært nøgde med det arbeidet Hauge og NEO Consulting har bidrege med i reorganiseringa, skriv kommunikasjonssjef Palm.
Kommunikasjonssjef ved Finnmarkssykehuset, Eirik Palm.
Foto: Andre BendixenHelse- og omsorgsdepartementet opplyser at det er den enkelte lege og den enkelte arbeidsgivar som har ansvar for at deira verksemd er forsvarleg etter helselovgivinga.
Det inneber at dei må vurdera om det er forsvarleg å til saman ha ei 180 prosent stilling.
Dei uttalar seg på generelt grunnlag og kommenterer ikkje denne saka spesifikt.
Publisert 16.10.2025, kl. 05.34 Oppdatert 16.10.2025, kl. 05.58