Statens vegvesen ber folk om å vere ekstra merksame i ei pressemelding formidla av NTB.
Vinteren er altså i anmars og tida er inne for å skifte dekk.
– Ikkje vent til første snøfall, då kan det vere for seint, skriv dei.
Dei minner om at det i Nordland, Troms og Finmark er lov med piggdekk frå 16. oktober til 30. april. I resten av landet kan piggdekk takast i bruk frå 1. november til første søndag etter 2. påskedag.
Piggfrie vinterdekk er lov heile året.
Dei ber deg om å skifte til piggfrie dekk allereie no for å vere ekstra førebudde på årets vintersesong.
– Er det krevjande og dårleg føre der du skal køyre, er det lov å bruke piggdekk og kjetting utanom desse datoane. Ver og føre trumfer datoen, seier Roy Harald Holm i Statens vegvesen.