Skuldingar om rusmisbruk, skjulte opptak, advokatmat og isfront. Her er alt du treng å vite om den to år lange konflikten i «saftbygda».
Det heile starta etter kommunevalet hausten 2023, då Stig Ove Ølmheim (Ap) blei ordførar.
Etter eit par månader skjer det seg mellom han og Tor-Einar Skinlo, som har vore kommunedirektør sidan 2021.
Bakgrunnen er eit varsel til Skinlo om at ordføraren skal ha eit rusproblem.
Skinlo tek dette opp med Ølmheim i eit møte 18. desember 2023, der også varaordføraren er til stades.
Ordføraren går sjølv ut i avisa Firda og nektar for skuldingane. I tillegg skuldar han kommunedirektøren for å nøre opp under rykta.
I løpet av 2024 begynner ordføraren å gjere skjulte opptak av samtaler på kommunehuset. Motivet skal vere at han «trenger å sikre seg dokumentasjon».
Varaordførar Gunnhild Bøyum frå Høgre kvitterer med at ho ikkje lenger vil møte ordføraren aleine, og KS Konsulent – som prøver seg som konfliktmeklar – konstaterer at det ikkje er grunnlag for å reparere samarbeidsklimaet.
Same år varslar John Christian Elden, som representerer ordføraren, at han ville levere eit varsel mot kommunen. Årsaka var at ordføraren skal ha blitt «motarbeidd frå leiinga i kommuneadministrasjonen».
Året etter (2025) tapar kommunen ei arbeidslivsrettssak mot ein tidlegare tilsett som blei skulda for korrupsjon og «seksuelle handlingar».
Kommunedirektøren får det glatte lag i dommen, ifølgje Sogn Avis.
Skinlo skal ha delt «konstaterande, alvorlege og personsensitive opplysningar» frå personalsaka på intranettet til kommunen og med media.
Skinlo ankar dommen, men blir sidan overstyrt av kommunestyre som trekker anken.
Tysdag kveld blei det sett punktum for konflikten. Kommunedirektøren får med seg 4,5 millionar kroner ut døra.















English (US)