Kraftig husbrann - brukte timar på å få kontroll på flammane

23 hours ago 3



Naudetatane vart varsla om brannen like før klokka 19:30 laurdag kveld.

Då hadde politiet allereie slått fast at det ikkje var folk inne i huset. Dei hadde fått kontakt med huseigar.

Ved 20-tida opplyste Agder-politiet at det var opne flammar i huset, og at brannvesenet jobba med å sløkke brannen.

Stensåsveienvar stengd som følgje av brannen. Årsaka var at det ikkje var mogleg for trafikk å passere så lenge brannvesenet jobba på staden.

– Vi jobbar no med ytre sløkking og har førebels ikke kontroll på brannen, seier vaktleiar i brannvesenet Anders Torbjørnsen til Agderposten.

Like før klokka 23 melde brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen.

– Dei hold på med ettersløkking. Det blussar litt opp her og der, men dei har full kontroll på staden, sa han til avisa.

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygg.

Publisert 31.01.2026, kl. 20.56 Oppdatert 31.01.2026, kl. 23.12

Read Entire Article