Kraftig vind og snø i vente

10 hours ago 3



Frå natt til måndag er det sendt ut oransje farevarsel for snø i Agder, som held fram til tysdag morgon

Kartet viser snøfall fra mandag morgen til tirsdag morgen i Sør-Norge. Området er skilt med gule og oransje varselsymboler for snø. Det er også merker for byene Kragerø, Froland, Mandal og Kvinesdal, som er inkludert i snøvarslet. Snømengde er angitt fra 0,5 cm til over 50 cm på en fargeskala. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kartet viser snøfallet frå måndag morgon.

Foto: Yr

– Heilt lokalt kan det bli opp mot 40 centimeter snø i løpet av 24 timar, det seier vakthavande meteorolog, Pernille Borander.

I tillegg er det eit større område i Agder, som så vidt når Telemark, som får snø, men på gult nivå.

Går over til sludd

Lågtrykket som kjem har òg med seg mildluft etter kvart, så seinare måndag vil snø bli til sludd vest i Agder.

Pernille Borander

Meteorolog Pernille Borander.

Foto: Ole Kaland, NRK

– Viss du vil nyte snøen, må du gjere det i dag, seier Borander.

Det er òg farevarsel for snøfokk i heile fjellet i Sør-Noreg. Det kan fort bli kolonnekøyring eller stengde vegar.

Blir du glad for snø?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Det er òg sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast vestlandet, som i tillegg treff delar av Møre og Romsdal og Trøndelag.

– På Vestlandet gjeld det å følge med, og det er fint å ha ein plan. Her vil variasjonane vere veldig store lokalt, og det kan skje at ein mistar straumen om tre bles ned over høgspentmaster og vegar.

– Det er rett og slett ein skikkeleg kamp mellom høgtrykk og kulda som ligg over fastlandet nå, og det lågtrykket som kjem med vind og mildare luftmassar, seier Borander.

Følger utviklinga nøye

Fylkesberedskapssjef i Møre og Romsdal, Gunhild Anett Naas, følger utviklinga av vêrsituasjonen. Det er ikkje aktuelt å sette inn ekstra tiltak med gult farevarsel, men det kan bli store lokale forskjellar, og nokon plassar kan vindkasta måle opp til 33 m/s.

– Det er viktig å sikre lause gjenstandar som kan blåse vekk. Med gult farevarsel kan vinden føre til stengte vegar og innstilte fergeavganger.

Måndag morgon skal folk på arbeid. Fylkesberedskapssjefen ber folk følge godt med.

– Sjekk vegmeldingar og rekn ekstra tid til transport og køyring.

Fjellovergangar kan bli stengte

Fjellovergangar kan stenge på kort varsel. I Nordland kan vindkasta komme opp i sterk kuling.

Allereie frå søndag kveld aukar faren for snøfokk i fjellet i Sør-Noreg, og vinden tillét òg langs kysten på Vestlandet og nordover.

Dette kan føre til redusert sikt. Vegar, og særleg fjellovergangane, kan bli stengte på kort varsel, eller det kan bli innført kolonnekøyring.

Òg opne område i lågtliggande strøk kan få smake på vinden.

Straumselskapa er førebudde

Hos strømselskapene er dei klare på det som måtte komme.

 Nils Tore Augland
Kommunikasjonssjef Glitre Nett

Nils Tore Augland er kommunikasjonssjef i Glitre Nett.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

– Vi følger vêrmeldingane nøye og kontinuerleg. Det seier kommunikasjonssjef i Glitre Nett som dekker hovudsakleg Buskerud og Agder.

– Når det er meldt farevarsel over landsdelen, varslar vi montørar og linjeryddarar i området slik at de er budd og rykker ut på kort varsel om vi skulle få utfordringar med straumnettet.

– Tilsvarar eit oransje farevarsel at de set opp beredskapen?

– Ikkje nødvendigvis. Det kjem litt an på kor kraftig snø og kor mykje snø som kjem. Men derfor har vi montørstaben og linjeryddarar tilgjengelege på kort varsel, seier Augland.

Publisert 11.01.2026, kl. 13.13 Oppdatert 11.01.2026, kl. 13.55

Read Entire Article