Krangel om millionrekning: – Alvorleg for rettstryggleiken

2 hours ago 1



Naturvernforbundet og Natur og Ungdom blei denne veka dømt til å betale 2,5 millionar kroner i sakskostnader til motparten etter at ERG fekk medhald i at dei kan fortsette å tømme gruveavfall i Førdefjorden inntil vidare.

Totalt la gruveselskapet fram kvitteringar på 4,7 millionar kroner, men retten slo av 2,2 millionar kroner for godt mål.

Dette med tilvising til den såkalla Århuskonvensjonen som seier at det ikkje skal vere «uoverkommeleg dyrt» å gå til søksmål på vegner av ein part som ikkje kan tale si eiga sak (miljøet).

Miljøorganisasjonane seier at sakskostnadsavgjerda «vanskeleg lèt seg sameine med Århuskonvensjonen».

Video: Naturvernforbundet

Problemet er at «uoverkommeleg dyrt» ikkje har ein definisjon alle er samde om, og no blåser det på ny opp til strid om Noreg bryt med kostnadsregelen.

I fjor vekte det merksemd da staten flaug inn eit amerikansk ekspertvitne på business class, og sende rekninga på 122.000,- kroner til miljøorganisasjonane.

Andre argumenterer for at det nettopp bør vere høg terskel for å gå til domstolane «for å ta omkampar om politiske spørsmål» (sjå lengre ned).

Alvorleg for rettstryggleiken til miljøet

Eline Sandnes Fosse i advokatfirmaet Thommessen blei i fjor premiert for ei oppgåve om at Noreg bryt Århuskonvensjonen.

Ho seier at rettsavgjerda i Sogn og Fjordane tingrett «stiller seg i rekka av konvensjonsbrot i norske domstolar på dette punktet»:

Konsekvensen av at kostnadene er for høge og uføreseielege, er at få miljøsaker blir prøvde for domstolane, fordi få saksøkarar kan ta på seg den økonomiske risikoen ved å føre dei.

Det er alvorleg for rettstryggleiken til miljøet.

  • Eline Sandnes Fosse, Advokatfullmektig

    Thomessen

    Eline Sandnes Fosse, Advokatfullmektig

    Sidan miljøet ikkje sjølv kan gå til sak, er det avhengig av at nokon går til sak på vegner av det. Dei som gjer det, vil typisk ikkje ha noka eigeninteresse i søksmålet, men gjer det på vegner av miljøet og allmenta. Dei må likevel ha råd til å bere kostnadene. Vinn ein, vinn ein for allmenta og miljøet. Tapar ein, risikerer ein sjølv høge kostnader.

  • Professor Ole Kristian Fauchal

    Christine Fagerbakke

    Ole Kr. Fauchald, professor ved Institutt for offentlig rett ved Det juridiske fakultet

    Noreg skil seg frå Danmark, Finland og Sverige ved at vi ikkje har noko høve til uavhengig, rask og rimeleg overprøving av vedtak som fattast av direktorat, departement eller regjeringa. I tillegg til å redusere kostnadene ved rettssaker, vil skiping av ei uavhengig miljøklagenemnd gi miljøet i Noreg rettstryggleik på eit nivå som svarer til det miljøet har i andre nordiske land.

  • Truls Gulowsen med armene i kors

    Stian Lysberg Solum / NTB

    Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

    Dette rammar økonomien vår hardt og gjer det svært risikabelt å anke.

  • en kvinne som står foran en bygning

    Eirik Pessl-Kleiven / NRK

    Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom

    Vi meiner at vi har ei grunnsolid sak, og vi trur vi kan vinne neste runde. Samtidig er den økonomiske risikoen no så stor at det kan sette økonomien vår i fare. Skal vi gjere dette, treng vi all den støtta vi kan få, seier Hoddevik Losnegård.

  • Vidar Strømme

    Charlotte Førde Skomsøy

    Vidar Strømme, fagdirektør i Noregs institusjon for menneskerettar (NIM)

    Vi kan ikkje uttale oss konkret om den saka, og vi har jo heller ikkje faktiske føresetnader for å meine noko om den. Men generelt har vi gitt uttrykk for at kostnadene i miljøsaker er for høge. Det er samfunnsmessig ønskeleg at slike saker kan bli prøvde, og det er bakgrunnen for at vi faktisk har denne konvensjonen som bestemmer at det skal vere overkommeleg å føre dei.

Sandnes Fosse etterlyser at dei folkevalde kjem på banen:

Skal vi ta Århuskonvensjonen og rettstryggleiken til miljøet på alvor, må lovgivar på banen.

I sommar publiserte Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) ei utgreiing om svakheitene i den norske implementeringa av Århuskonvensjonen.

Millionrekninga kan verke avskrekkande

Neste veke inviterer Miljørettsforeningen ved Universitetet i Oslo til seminar om «verkebyllen» i norsk rettspraksis:

Prisnivået i miljøsaker som gjer at partane risikerer å «ruinere seg» og bli sittande igjen med «svarteper».

Eit løysingsforslag har vore å opprette eit slags lågterskeltilbod – eit eige og rimelegare klageorgan for miljøsaker etter dansk og svensk modell (sjå under).

  • Thomas S. Farhang

    Kvale

    Thomas S. Farhang, prosessfullmektig for ERG

    Vi er overraska over at miljøorganisasjonane har fått noko reduksjon med omsyn til å erstatte nødvendige sakskostnader, og kan ikkje sjå at det er rimeleg eller rett. Miljøorganisasjonane bør fullt ut bere kostnadene for eige feilslått saksanlegg, og kan ikkje belage seg på at private aktørar sjølv skal dekke nødvendige kostnader for feilslåtte søkmål.

    (Sitert i Rett24.)

  • Terje Halleland,

    Terje Halleland, Frp

    Kven som helst skal ha høve til å reise saker overfor domstolen, men da må ein også forvente at den eller dei kan risikere å måtte ta rekning dersom ein ikkje får medhald. Det ville vere svært urovekkande dersom slike organisasjonar kunne belaste domstolane med mangeårige kampar i eit forsøk på å omgå politiske vedtak, utan at dette medførte risiko for å måtte betale sakskostnader.

  • Mann med skjorte og grått hår.

    Hanna Johre

    Eirik Løkke, Civita

    Generelt meiner eg at tapande part bør betale sakskostnader i sivile søksmål. Viss ein på generelt grunnlag tar bort det prinsippet, så risikerer ein stor auke i ugrunna søksmål ettersom ein ikkje treng å tenke på sakskostnader. Eg synest spørsmål knytt til klima og miljø i hovudsak bør løysast gjennom politiske prosessar og val – ikkje i domstolane.

  • Ingunn Foss Agder Høyre

    Ina Marie Sigurdsen

    Ingunn Foss, Høgre

    Det å prøve ei sak for domstolane inneber alltid ein risiko for å tape. Tvisteloven legg opp til at tapande part som hovudregel må bere sakskostnadene. Så finst det nokre unntak for dette som gjeld både for miljøorganisasjonar og andre. Vi meiner dagens sakskostnadsreglar balanserer dette godt.

  • en mann i dress som sitter ved et bord med en mikrofon

    Terje Bendiksby / NTB

    Hans Petter Graver, professor ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo

    Årshuskonvensjonen gir eit argument for at vi kanskje burde hatt særreglar som gjorde at retten oftare kunne frita frå kostnadsansvar enn i dag. Kanskje ein burde vurdere ei tilføying til regelen om kostnadsansvar som sa noko i retning av at retten skal legge særleg vekt på om saka gjeld lovlegheita av tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljøet.

  • Christian Eriksen, fagsjef i Bellona

    Christian Eriksen, Bellona

    Det kan ha stor verdi å prøve miljøspørsmål for retten, og det må det vere realistisk tilgang til. Vi lever i ei tid der endringar skal skje svært raskt, og der politikk og lovverk, nasjonalt og internasjonalt, ikkje alltid går i takt. Når vi i Noreg har forplikta oss til konvensjonar og mål, er det organisasjonar og enkeltpersonar som må utfordre dei.

Professor ved Institutt for offentleg rett, Ole Kr. Fauchald, meiner at tingretten i Sogn og Fjordane har forsømt seg når han ikkje har drøfta om millionrekninga kan verke «avskrekkande».

Dette må vurderast både konkret i kvart enkelt tilfelle og i lys av kva effektar ei slik avgjerd kan ha for andre. Det har ikkje tingretten gjort, seier han.

EU-domstolen presiserte i fjor at vurderinga av kostnader må vere breiare enn å undersøke den finansielle situasjonen til miljøorganisasjonane.

en bygning med et gjerde rundt

Gjentatte «klimasøksmål» har dei siste åra reist debatt om forholdet mellom folkestyret og domstolane, og enkelte har åtvara om at systemet blir overbelasta. I dag slår tvisteloven fast at den tapande parten som hovudregel må bere sakskostnadene.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Publisert 15.11.2025, kl. 09.48

Read Entire Article