Kreftforma kan snart vere historie: - Dette er fantastiske resultat

1 hour ago 1



Eit lite stikk i arma på ein sjuandeklassing.

Det er alt som skal til for at livmorhalskreft om nokre år kan vere historie.

Allereie no ser forskarane glade tal: Dei to siste åra har ingen kvinner under 30 år fått påvist livmorhalskreft i Nordland, Troms og Finnmark.

I overkant av 300 kvinner får livmorhalskreft årleg og over 70 dør kvart år, ifølgje Tidsskrift for Den norske legeforening.

I 2024 var det 269 registrerte tilfelle, som er det lågaste nokon gong.

Tilfella er færre og færre, noko som blir knytt til vaksineringa av aldersgruppa.

No kan legane sjå verkeleg gledelege nyheiter på området: Tilfella av kreft i ung alder går ned.

Ser fram til 2038

– Det er veldig bra. Det er heilt fantastiske resultat.

Kontoret til Sveinung Sørbye ligg langt inni ein labyrint på Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø. Sidan starten av 2000-talet har han jobba mykje med livmorhalskreft.

Veggen av flytteesker fylt med testresultat fortel om ein mann som er ekstra engasjert i sitt fagfelt.

Flytteesker med HPV-tester

Kasse på kasse med prøver ein kan kome til å få bruk for.

Foto: Håkon Iversen / NRK

Overlegen er reikna som ein av dei fremste ekspertane i Noreg på HPV.

HPV er namnet på ein gruppe virus som i stor grad smittar gjennom seksuell aktivitet. Ein kan da få ein HPV-infeksjon, som ein ikkje merker. Det kan gå over av seg sjølv.

Men hos nokre kan det utvikle seg vidare til kreft. Hos kvinner oppstår dette som livmorhalskreft. Det kan også bli kreft i skjede, ytre kjønnsorgan, anus, munn og hals. Hos menn kan det bli til kreft i penis, anus, munn og hals.

Både jenter og gutar får derfor tilbod om HPV-vaksine i sjuandeklasse. Da rekk dei å få den før dei er seksuelt aktive, og dermed kan smitta stoppast.

En mann sitter ved et skrivebord med to dataskjermer foran seg. Scenen viser en arbeidsplass med dokumenter og notater på veggen. Mannen gestikulerer med hånden mens han ser mot kameraet. Utsikten gjennom vinduet viser en moderne bygning i bakgrunnen.

Sidan starten av 2000-talet har Sveinung Wergeland Sørbye vore ein av dei som har jobba mest med HPV i Noreg.

Foto: Håkon Iversen / NRK

Avgjerande kvalitetssikring

– Gamechangeren har vore HPV-vaksinen. Når ein startar screening på 25-årsalder, kan du ikkje førebyggje det ho har fått før 25-årsalder, seier Sørbye og forklarar:

– Får du vaksine før seksuell debut, så hindrar du viruset som lagar celleforandring og kreft i å infisere kvinna. Da får vi slike resultat, og det er veldig bra.

Held denne positive trenden fram, vil det ikkje vere lenge til ein ser 100 tilfelle kvart år, mot rundt 300 i dag, meiner overlegen.

Sidan 2016 har han og kollegaer på UNN gjort ei kvalitetssikring av normale celleprøver. Dette kallast HPV mRNA-test.

En mann ser inn i et mikroskop

Sveinung Wergeland Sørbye er overlege på patologisk avdeling på Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). Han gleder seg over utviklinga han ser.

Foto: Håkon Iversen / NRK

NRK har tidlegare omtala korleis dette har ført til at kreft har blitt avdekka hos pasientar som har fått beskjed om at alt var normalt.

Denne kvalitetssikringa er blant årsaka til at talet på nordnorske kvinner som utviklar livmorhalskreft går ned.

– Eg trur det handlar om god deltaking i screening, tidleg vaksinering og at vi har brukt HPV mRNA-test som kvalitetssikring i mange år. Det har gjort at forstadium til kreft blir oppdaga før dei utviklar seg vidare, forklarar Sørbye.

Verdas helseorganisasjon har eit mål om at det skal vere 4 tilfelle per 100.000 kvinne kvart år. Kjem ein dit, vil ikkje livmorhalskreft vere reikna som eit folkehelseproblem i Noreg, fortel Sørbye.

– Kor mange år er det til ein er der, da?

– 2038, svarer forskaren kontant, og legg kjapt til:

– Det er nokre år igjen. Så eg blir ikkje arbeidsledig med det første.

– Veldig bra

Ein godt snøballkast unna den jublande overlegen på UNN, sit Helena Andersen og Aristea Dudi. Dei les til kvar sin eksamen ved UiT Norges arktiske universitet.

– Eg tenker at det er veldig bra og at det har kome inn i vaksinasjonsprogrammet, og at det viser seg å ha så god beskytting.

En person med kort hår sitter i et rom med store vinduer. Utenfor vinduene er snødekt landskap. Personen har på seg en mørk genser med teksten "Ride". Omgivelsene gir en rolig stemning, passende for en innendørs setting.

Helena Andersen studerer farmasi, og er glad for å høyre om nyheita frå sjukehuset eit snøballkast unna.

Foto: Håkon Iversen / NRK

Helena studerer til å bli farmasøyt, og har nyleg hatt forelesing om nettopp HPV-vaksinen. Ho synest det er fint å sjå resultata:

– Eg blir glad på forskinga sine vegne, men også for dei som får vaksinen, at den har så god effekt. Eg er veldig glad for at alle får den.

Aristea har, i likskap med Helena, tatt HPV-vaksinen som del av barnevaksinasjonsprogrammet.

En person med blondt hår sitter og ser mot kameraet. Personen har på seg en lys hettegenser med et grafisk trykk. Det er et vindu i bakgrunnen med snødekte trær og bygninger synlige. En mikrofon er synlig i nærheten, som antyder en intervjusituasjon.

Aristea Dudi synest det er fint å vite at HPV-vaksinen har så god effekt.

Foto: Håkon Iversen / NRK

– Det er veldig bra, seier barnehagelærar-studenten om nyheita om ingen tilfelle av livmorhalskreft i aldersgruppa dei to tilhøyrer.

– Er du glad for at du har vaksinert deg?

– Ja, definitivt.

– Den aller beste kreften er den du ikkje får

– Det gir meg gåsehud.

Brage Larsen Sollund jobbar med kreft dagen lang. Han er regionleiar for Kreftforeningen i Nord-Norge. For han er dette ein rein gladnyheit.

– Det er fantastisk, det er draumen vår. No ser vi resultata av å gje vaksine.

En mann står foran en skrivebord i et moderne kontormiljø. Han har på seg en blå genser med en detaljert skjorte under. I bakgrunnen er det datamaskiner og en grønn stol synlig. Kontoret har et lyst og åpent design med trehyller fylt med magasiner.

Regionleiar i Kreftforeningen i Nord-Norge, Brage Larsen Sollund, har all grunn til å glise.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Han meiner både forskarar og politikarar skal ha ein takk for at ein har kome så langt:

– Wow, det er dette vi drøymer om. Vi drøymer om eit liv utan kreft. Og så ser vi at ei vaksine kan ha så positiv effekt at ingen kvinner i Nord-Noreg har fått påvist dette, av dei yngste som har vore gjennom vaksinasjonsprogrammet.

Regionleiaren håpar at så mange som mogleg takkar ja til vaksinen i sjuandeklasse. Han har ein enkel oppfordring til sist:

– Den aller beste kreften er den du ikkje får. Det funkar, det nyttar, slutt opp om dei fantastiske programma vi har.

Hei!

Har du tankar om saka du las no, eller tips til heilt andre ting eg burde skrive om?

I haust har eg fortalt historia om Karl Edvart Dahl, som overlevde Titanic-ulykka og som ligg gravlagd i Tromsø.

Før det skreiv eg om Lillian, som ikkje vil slutte å jobbe. Den saka finn du her.

Eg har også skrive om korfor det skeive miljøet blei ekstra glad for den nye biskopen i Nord-Hålogaland. Det kan du lese om her.

Publisert 27.11.2025, kl. 20.40

Read Entire Article