– Det er vanskeleg å forstå korleis konsertar og guida turar i USA fører til at KrF gjer ein betre jobb for innbyggarane i Stavanger, seier statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Han reagerer sterkt på at ei gruppe på 11 personar frå Stavanger KrF i oktober i fjor reiste på femdagarstur til New York.
Det skjedde i samband med utvandrarjubileet.
I USA blei det markert at det er 200 år sidan den store utvandringa til Amerika.
I tillegg blei ein replika av det gamle utvandrarskipet «Restauration» tatt imot på kaia i den amerikanske storbyen.
Prislappen for KrF-turen:
Rett over 300.000 kroner, viser oversikta NRK har fått tilsendt frå lokallaget.
Trekkjer me frå det reisegruppa har betalt i eigendel på mellom 5.-10.000 kroner, blir utgiftene for partiet på litt under 200.000 kroner.
Det tilsvarer litt over 18 prosent at det partiet i år får i offentleg støtte frå kommunen (utanom rådgivarstilling til varaordføraren i Stavanger frå KrF).
Svein Tuastad er statsvitar ved Universitetet i Stavanger.
Foto: Øystein OtterdalNesten 20 prosent av partistøtta
Pengane har gått til flybillettar, transport, hotell, måltid, guiding og ulikt opplegg (sjå faktaboks).
Det blei også brukt drygt 8.000 kroner på ein konsert med rockebandet Kaizers Orchestra.
– Det ser ut som om dei bruker pengar partiet får for å bli betre til å driva politikk for borgarane i Stavanger kommune, til ferietur til USA, kritiserer statsvitar Tuastad.
Stavanger KrF legg i sitt svar vekt på at dette var ein type studietur som normalt blir gjennomført ein gong i løpet av ein valperiode (sjå heile svaret i faktaboks).
– For Stavanger KrF er dette ein bevisst prioritering innføre dei samla midlane partiet får over fire år, seier gruppeleiar Therese Egebakken.
Anne Kristin Bruns (bystyremedlem) og Henrik Halleland (varaordførar) er blant dei som tok turen til New York.
Foto: PrivatKrF: – Ikkje fest og ferie
NRK har tidlegare omtalt at fleire ordførarar, rågivarar, kommunale- og fylkeskommunale leiarar og reiselivsaktørar reiste på same jubileumstur.
Dei brukte rett over ein million kroner – betalt med offentlege midlar. Blant anna blei det brukt 70.000 kroner til open bar og rundt 23.000 kroner på private båsar på golfbanen.
New York-turen skjedde samstundes som det blei kjent at mange rogalandskommunar og fylkeskommunen stod i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon.
Statsvitar Tuastad og andre kjelder NRK har snakka med, påpeikar at føremålet med partistøtta dei politiske partia får frå kommunane er å driva organisasjonen og bli betre politikarar.
– Pengane skal gå til politisk arbeid, ikkje til fest og ferie, slår Tuastad fast.
Stavanger KrF reagerer på kritikken.
Dei kjenner seg ikkje igjen i påstanden om at pengane blei brukt på fest og ferie.
– Noko av midlane til bystyregruppa blei her brukt til ei reise ved eit historisk høve der fokuset og hovudinnhaldet omhandla det norske utvandringsjubileet. I tillegg brukte me eigendel, seier gruppeleiar Egebakken.
– Å kalla utvandrarjubileet for fest og ferie er merkeleg og oppsiktsvekkande av ein statsvitar. Både når ein legg til grunn historia og situasjonen mange i Stavanger var i som gjorde at dei emigrerte til USA den gongen, og dessutan verknaden folkeforflyttinga hadde for Stavanger, held ho fram.
– Svekker tilliten
Statsvitaren held likevel fast på kritikken.
Han viser til avisoppslag med tilsette i Stavanger kommune, der dei tilsette til dømes må betala sjølv for kaffien dei får på jobben.
– Desse betaler jo skatt som igjen finansierer gruppestøtta til KrF. Viss du spør dei som jobbar i kommunen og betalar for kaffien sjølv, vil det vel ikkje vera så rart om dei tenker at dette ikkje tar seg godt ut, seier Tuastad.
– Kva gjer saker som dette med tilliten til politikarane?
– Når saker som dette kjem fram, kan dei nok svekka tilliten endå meir. Ting som ikkje ser bra ut kjem i eit kritisk lys, og det er bra for systemet, meiner Tuastad.
Han legg til at stort sett har dette landet tillitsverdige politikarar.
Stavanger KrF forklarer at føremålet med turen var å delta på 200-årsmarkeringa for den norske utvandringa til USA, i tillegg til å vera med og ønska utvandrarskipet «Restauration» velkommen på kaia under markeringa som skjedde der.
Lokallaget deltok også på ei markering med same tema i Sjømannskyrkja.
Turen blei forankra i bystyregruppa. I Stavanger bystyre har KrF tre faste medlemmer, inkludert varaordførar Henrik Halleland.
– Me som gruppe har ikkje hatt ein studietur i valperioden, så me valde å ta denne turen slik at fleire kunne bli med. Ein studietur i perioden er svært vanleg for fleire parti, seier gruppeleiar Egebakken.
– Eit viktig politisk område
Ho forklarer at fleire av KrF-gruppa på 11 også var på bedriftsbesøk med tilknyting til Noreg under reisa. Nokre deltok også på reiselivsarrangement.
– På kva måte gjer ein slik tur at KrF sine representantar gjer ein betra jobb for innbyggarane i Stavanger?
– Utvandringsjubileet var ei stor og viktig markering KrF hadde høve til å vera med på, og valde å bli med på. Utvandring og innvandring er like aktuelt i dag som før i tida. Eit viktig politisk område KrF er oppteken av og har engasjement i både når det gjeld fortid, framtid og notid, seier Egebakken.
– Trur Stavanger KrF at pengebruken på ein slik tur kan svekka tilliten til politikarane?
– Nei. Her brukte KrF noko av midlane andre politiske parti bruker på for eksempel høgare politikarlønningar, heller på ei reise i samband med eit historisk og stort jubileum. Me finansierte også reisa med eigendel.
– Har nokon i partiet hatt innvendingar mot turen?
– Nei. Me har informert godt før, undervegs og etter i utvida bystyregruppe. Styret har også blitt haldne orientert.
– Ville Stavanger KrF reist på ein slik tur igjen?
– Å dra ein sjeldan gong i fellesskap på ei reise med eit fagleg eller politisk mål og innhald slik som denne turen var, kan vera positivt og bli vurdert ein annan gong i framtida òg, svarer Egebakken.
Therese Egebakken er gruppeleiar for Stavanger KrF.
Foto: privatVil ha debatt om regelverk
Partilovnemnda skal bidra til openheit om finansieringa av dei politiske partia.
Lova legg til grunn av partia skal ha stor fridom til å forvalta midlar dei får.
Stavanger KrF får offentlege pengar frå Stavanger kommune, slik som andre parti.
– Partia er altså gitt stor fridom til å disponera fritt over midlane dei får, også på kommunalt nivå, seier leiar for Partilovnemnda, Ragna Aarli.
Aarli seier nemnda er sett til å overvaka at regelverket som Stortinget har vedtatt, blir følgd. Det er ikkje deira oppgåve å vakta over partia sin moral, ifølge ho.
– Men partilova er i støypeskeia akkurat nå, og det er all grunn til å ønska velkommen ein offentleg debatt om regelverket for partistøtte i dag kviler på større tillit enn det partia i dag lever opp til.
Ragna Aarli er leiar av Partilovnemnda.
Foto: Universitetet i BergenIfølge forskar Dag Wollebæk ved Institutt for samfunnsforsking, skal det mykje til at KrF-reisa får juridiske konsekvensar.
– Stavanger kommune sine retningslinjer gir stort spelerom og opnar for at pengane blir brukte til aktuelle aktivitetar og tiltak i regi av bystyregruppene. Det er nesten vanskeleg å sjå for seg kva som skulle falla tydeleg utanfor dette, bortsett frå heilt private formål.
– Men korleis smakar dette i ei tid der økonomien i Stavanger og andre kommunar blør, og mange einingar må gjera kraftfulle innsparingar?
– Det er den politiske kostnaden KrF eventuelt må ta. Ikkje alt som er lov å gjera, er klokt å gjera, seier Wollebæk.
Publisert 27.03.2026, kl. 06.57












English (US)