BOK: Novella er tilbake. Med bravur!
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Orkar du ikkje å lesa langt? Då er du i tida og del av ein trend! Men kanskje har du lyst til å lesa i alle fall lite grann? Klarer du ti-tolv sider? Då kan novella vera noko for deg.
Denne sjangeren er òg del av ein trend. For medan romanen lenge har stått støtt som den store, seriøse skjønnlitterære sjangeren, har ei rekkje norske forfattarar i 2025 satsa på kortforma. Her er eit knippe nye, norske novelleutgjevingar. Og veit du kva – dei er gode alle saman!
Heidi Marie Kriznik: «Bevisets stilling og andre noveller»
323 sider. Oktober
Litt juks, for desse novellene er litt lange. Men dei er til gjengjeld gode. Kriznik er ei av få norske forfattarar som klarer å tematisera klasseperspektiv gjennom språkføringa utan at det blir påtatt og utanpåklistra.
Her kjenner lesaren at det dirrar når hovudpersonen prøver å kombinera tilværet som åleinefar med den usikre jobben i ein helsefarleg byggebransje.
Beste novelle: «Til å være en unge»
Oddmund Hagen: «Forklaring»
74 sider. Samlaget
Litt meir juks, for dette er berre éi novelle. Men ho er til gjengjeld veldig god. Det er noko med det gammal knark-aktige perspektivet hjå forteljaren som forvirrar, fascinerer og hevar historia opp til noko langt meir og djupare enn det ein trur i starten.
Om førtidspensjonert lærar som blei frikjent for brannstifting, men kor uskuldig var han eigentleg? Kvifor vender han tilbake til heimplassen og åstaden? Og kva vil politimannen som stadig oppsøker han?
Marianne Egerdal: «Utsatt sommer»
Noveller. 136 sider. Flamme forlag
Ei lita perle som nesten er blitt totalt oversett. Nær sagt som vanleg i norsk litteratur handlar det om relasjonar til dei næraste og seg sjølv, men denne debutanten har eit stilnivå og ein sans for komposisjon som gjer at denne gjennomterpa tematikken likevel blir levande og leseverdig.
Knapp, nedtona, antydande. Slik skal noveller skrivast.
Beste novelle: «Menneskelig svikt»
Birgitte Larsen: «Som i en ny jord»
Noveller. 156 sider. Bonnier Norsk Forlag
Denne kjem du til å elska, viss du er eit menneske. For det handlar om å vera menneske. Og det er ofte ikkje enkelt. Det er heller ikkje enkelt å skriva om det.
Men forfattaren med det ordinære namnet har skrive ei ekstraordinær novellesamling – som debutant. Gripande innfallsvinklar, originale miljø, nydelege formuleringar. Likar du ikkje denne, skal du få pengane tilbake frå meg.
Beste novelle: «Lys; elektrisk»
Ingvar Ambjørnsen: «Sorgen i St. Peter Ording»
Noveller. 117 sider. Cappelen Damm
Ein skal ikkje snakka stygt om dei døde, men likevel: Denne var litt skuffande for meg. Så skal ein hugsa på at «litt skuffande» her er målt ut frå Ingvar Ambjørnsen-nivå på tidlegare novellesamlingar, som held internasjonal klasse.
Då kjem dei aller fleste til kort, deriblant han sjølv. Men det er framleis Ambjørnsen, så les heller denne enn det meste anna på norsk.
Beste novelle: «Hærverk»
Tomas Espedal: «Mens det ennå er for sent»
Noveller. 169 sider. Gyldendal
For å laga ei slags sløyfe, sluttar eg av med endå meir juks, for denne novellesamlinga er éin samanhengande tekst, men der ei ny forteljing (stort sett) startar for kvart avsnitt.
Tomas Espedal er ingen enkel mann, og heller ingen enkel forfattar, men investerer du tid og krefter her, får du mykje igjen. Stoffet er brutalt og kunstnarisk. Mangt har blitt sagt om Bergen i haust. Eg rundar av året med å konstatera at dei ser ut til å ha betre forfattarar der oppe enn i Stavanger.
Beste novelle: Den frå side 21 til side 23. Eller kanskje den på side 13 til 17.
Publisert:
Publisert: 16. desember 2025 18:02

1 day ago
4











English (US)