Ingen kan sjå det, ingen veit det før eg seier det, men eg har kronisk migrene.
Eg heiter Andrea, eg er 19 år og går framleis på vidaregåande. Eg tek IB-linja, ei anerkjent og ekstremt krevjande linje som krev både fysisk og mental styrke. Det er eit val eg ikkje angrar på, men det er òg eit val som ikkje ville vore mogeleg utan dei rettane eg har no.
Ingen kan sjå det, ingen veit det før eg seier det, men eg har kronisk migrene. Diagnosa forma heile skulegonga mi, og ho er ei ekstremt stor utfordring. Det er ikkje berre vondt i hovudet. For nokre få år sidan var det ei periode då eg, ei jente under 20 år, trudde eg aldri kom til å få moglegheita til å jobbe, til å ein gong kome meg gjennom vidaregåande, til å bli normal, med ei normal framtid. Den tankegangen var tung, eg ønskjer jo ikkje å vere sjuk. Den dagen er no forbi.
I løpet av dei to første åra mine på vidaregåande gjekk eg på studiespesialiserande i Noreg. Eg var ein heilt vanleg elev, aktiv i både politikk, lokalsamfunnet og idrett, hadde deltidsjobb og var motivert og engasjert. På papiret såg eg flekkfri ut, men realiteten var ei heilt anna. Skyhøgt fråvær og mange gløymde eksamenar gjorde at eg stod utan karakterar i dei fleste faga, ikkje fordi faga var tung fagleg, men fordi sjukdommen min ikkje tillét meg å vere til stades når eg trengde det. Eg har heldigvis no betre medisinar, men systemet var ikkje laga for elevar som meg.
Eg valde å gå eitt år om, men på IB-linja i staden. Eg var ikkje gira på å vere 20 når eg var ferdig på vidaregåande, men eg prøvde. Det var eit stort skifte. Eg flytta til Tyskland på ei internatskule. På denne skulen er det ingen fråværsgrense. Eg møter opp til undervisning når kroppen tillet det, noko som skjer oftare enn eg gjorde på studiespesialiserande. Fordi eg ikkje må stresse over om det er fråværsgrensa som bestemmer om eg er flink eller om det er karakterane mine. Vurderingsforma er meir holistisk og rettferdig, basert på fleire ulike vurderingsformer på ulike tidspunkt. Plutseleg kjende eg på eit system som var på mi side, ikkje imot meg.
Eg er framleis kjempeaktiv på skulen og deltek både i idrett og elevråd, og eg deltek fullt ut i klasserommet. Eg er mitt eige bevis på at sjølv om eg er sjuk, så er ein absolutt flink nok til å klare det ein ønskjer, dersom systemet er på di side. Kronisk sjukdom stoppar ikkje ambisjon, evne eller kunnskap; det som stoppar deg, er kor lite fleksibelt systemet er.
Innlegget er levert av Ung debatt, et selskap som formidler unge meninger til norske aviser.
Enkelte elever blir usynlige i mengden
Åpen
Legen klarte ikke å hjelpe pasientene med uforklarlige smerter og plager. Så kom hun over en ny metode.
Jeg tror dessverre mange liv går tapt på veien
Åpen












English (US)