Kryssar like før toget kjem: – Det er livsfarleg

9 hours ago 6



– Det er seriøst det verste vi opplever. Folk som kryssar vilt framfor oss, og kanskje ikkje ser oss. Vi har kjempelang bremseveg og ingen høve til å svinge unna.

Det seier Martin Hagen Hunstad, lokførar og hovudverneombod i SJ Noreg.

Det er nemleg ulovleg å krysse togspor der det ikkje er lagt til rette for det.

Dei siste fire åra har SJ-Noreg sine lokførarar sett personar i togspora opp til 80 gonger i månaden rundt om i landet.

– Det er altfor mange tilfelle. Folk må forstå at dette er livsfarleg, seier Randi Næss, kommunikasjonsdirektøren i SJ.

Lokførar Hunstad har sjølv opplevd fleire gongar å måtte bruke nødbrems og fløyte på folk som oppheld seg i sporet.

Lokfører Martin Hagen Hunstad står ved siden av eit tog

Lokførar Martin Hagen Hunstad har seks gongar opplevd å vere så nær med å køyre på nokon at det berre var flaks som gjorde at det gjekk bra.

Foto: Privat

Ifølge han kan det skje dagleg gjennom sommaren.

Det gjer han bekymra.

– Det er ein myte at folk ser toget og kjem seg over tidsnok. Det ser vi gong på gong at ikkje stemmer. Kollegaene mine har mange gongar hindra situasjonar som kunne enda mykje verre, seier Hunstad.

Fiskarar og barn ved sporet

Bane Nor meiner det har vore ein aukande trend der folk villkryssar over spora.

Blant dei verste stadene er strekninga som går mellom Bodø og Fauske på Nordlandsbanen.

– Sommaren er tydelegvis høgsesong for ulovleg og livsfarleg kryssing av denne delen av Nordlandsbanen, skriv Pål Buset i en e-post til NRK.

Han er prosjektleiar for haldningsskapande arbeid i Bane Nor.

Togsporene ved Oteråga på Nordlandsbanen

Her har lokførarar sett både fiskarar, vaksne og barn på togskjenene.

Foto: Bane Nor

I mai og juni har lokførarar måtte dra i nødbremsen to gongar mellom Oteråga og Fauske fordi det stod fiskarar i sporet.

I same område har lokførarane også sett vaksne, hundar og små barn.

– Førar på tog 473 melde at ein jentunge på 7–8 år sprang i retning mot sporet, står det i ei oversikt NRK har fått.

Folk må nemleg krysse toglinjene her for å kome seg til sjøen.

Buset i Bane Nor fryktar at det kan skje ei forferdeleg ulykke om ikkje folk tenker seg om.

– Eg vil gjerne minne om at toget kjem fort og stille, veg fleirfaldige hundre tonn og har hjul av stål på skjener av stål. Står du i vegen for toget går det gale. Det er alltid toget som vinn, skriv han.

Pål Buset, prosjektleder for Bane Nors holdningsskapende program

– Skal du bade, fiske eller gå tur langs stranda, sørg for å finne ein stad det er trygt og lovleg å krysse jernbanen, for eksempel på bru, på ein planovergang eller på eit stasjonsområde der det er lagt opp til kryssing, seier Pål Buset.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Problem på enkeltbanane

– Det er rapportert inn tusenvis av hendingar kvart år, men det skjer enda fleire villkryssingar som ikkje blir rapporterte inn.

Det seier strekningssjefen på Dovrebanen i Bane Nor, Philippe Olivier.

Han meiner dette er eit stort problem på enkeltbanane rundt om i landet, som for eksempel Rørosbanen, Nordlandsbanen, og Dovrebanen.

På sistnemnde er villkryssing eit stort problem på stasjonen på Hjerkinn. Der er det ein populær tursti på andre sida av jernbanespora.

To personer krysser ulovlig togskinnene på Hjerkinn

Her kryssar to personar togskjenene på Hjerkinn stasjon på Dovrebanen.

Foto: Bane Nor

Ifølge Olivier sparar turgåarane rundt 100 meter på å ta «snarvegen» over spora.

Han har ikkje tal på kor mange som kryssar spora ulovleg her, men seier det er ein del.

– Ein arbeidar som var der og hadde vedlikehald sist veke såg 14–15 stykk krysse jernbanespora i løpet av tre og ein halv time.

Korleis få folk til å slutte

Olivier skjønar at folk vel å krysse toglinjene for å kome raskare fram, men understrekar at det fort kan gå gale.

Han har sjølv gjort det då han var ung og då skjedde det som ikkje skulle skje. Bilen han køyrde blei påkøyrd av eit tog.

– Eg budde i nærleiken av jernbanen og bommen var nede, men eg trudde eg hadde god tid. Likevel kom toget, og eg hadde akkurat tid til å springe vekk. Så du skal ikkje leike med dette.

En mann i gul jakke

Strekningssjef på Dovrebanen i Bane Nor, Philippe Olivier.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Kva gjer Bane Nor for å hindre at dette skjer?

– Vi har bestilt fleire skilt for å gjere det tydelegare at det ikkje er lov til å krysse spora. Vi skal også ta kontakt med hotellet i nærleiken for å informere turistane.

På Nordlandsbanen seier assisterande strekningssjef der, Jan Olav Waag, at dei har planar om å bygge fleire bruer og nokre nye undergangar.

– Kan det òg bli aktuelt med betre og tydelegare merking?

– Vi kunne tenke oss å gjere det på heile banen, men det er jo ikkje formålstenleg. Det er ikkje fint heller, og det er ikkje bra for naturen. Vi må fokusere på at det er ulovleg å krysse utanom dei lovlege plassane. Det er straffbart, og det er livsfarleg.

Publisert 11.07.2025, kl. 22.29

Read Entire Article