Kulda er på veg: Vegvesenet ber folk som skal heim til jul køyre forsiktig

2 hours ago 1



Etter veker med mildvêr og regn, er det i førjulsdagane meldt om finvêr med minusgrader og tåke enkelte stader i Sør-Noreg.

Det kan føre til glatte vegar, åtvarar vakthavande meteorolog Bente Wahl.

– Særleg på nattetid kan det fort danne seg litt strålingståke. Ein skal vere ekstra obs på tåke på morgonkvisten, for no fell temperaturen.

  • Statsmeteorolog Bente Wahl

Men det er i Nord-Noreg det kan bli verst framover, ifølgje meteorologen. Der er det meldt meir bygevêr og snø som ligg att fleire stader.

– Så der kan det nok vere litt større utfordringar på vegane framover.

Ber folk ta forholdsreglar

Sjølv om det ikkje er mykje dramatikk i vêret, oppfordrar Wahl til å ta forholdsreglar.

– Ein skal alltid vere litt obs på glatte vegar når det er vinter. Særleg når vi har hatt plussgradar lenge og det går mot minusgradar, seier ho.

Allereie laurdag fekk bilistar kjenne på glatta. I vest kom det meldingar om at fleire bilar sklei utfor vegen ved Langelandsvatnet i Sunnfjord i Vestland.

Då naudetatane rykka ut fann dei det berre ein bil som hadde køyrd utfor, og to andre som var involverte i ei påkøyring.

– Truleg har bilar komme seg vidare på eiga hand før politiet kom fram, melder operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt.

Også i Alver var det glatt laurdag kveld. To bilar med totalt fire personar krasja. Ein person kom seg ikkje ut av bilen.

Fleire ulykker i Sør-Noreg

I Telemark kom det meldingar om svært glatt vegbane på fylkesveg 37 mellom Rjukan og Rauland.

– Spesielt ved Maribakkane. Fleire biler sklir i bakken her, skriv operasjonsleiar Jan Tore Gregersen i politiloggen.

Vegtrafikksentralen blei varsla og mannskap blei sendt ut for å salte på strekninga.

Det er også svært glatte vegar i Kragerø. Rundt klokka 18 laurdag er to personar køyrd til legevakt etter ein bil køyrte i autovernet ved Europavegen.

Det same gjorde ein bilist laurdag formiddag 11 ved Sannidal i Kragerø.

Ein bil skal også ha køyrt av vegen på Homme i Treungen, ifølge ein tipsar av Telemarksavisa.

På kvelden blei det også meldt om ein bil som hamna i grøfta i Våler i Østfold på Trøskenveien på grunn av glatt veg.

Sju personar til sjukehus

I Innlandet skrensa ein bil på glatt veg, køyrde i grøfta, borti ein stolpe, velta og hamna på taket ved Kongsvegen i Løten.

I Buskerud var sju personar involvert då to bilar frontkolliderte på Drammensveien i Mjøndalen.

– Det er veldig glatt på staden, melder operasjonsleiar Jan Tore Gregersen i Sør-aust politidistrikt.

Alle sju blei sendt til sjukehus.

Ber folk følgje med på vegmeldingar

Statens vegvesen ber folk som skal ut og juletrafikkere om å følge med på trafikkmeldingar på 175.no.

– Sjekk om det ligg meldingar på strekninga som skal køyrast, spesielt om du skal over fjellovergangane. Er det glatt veg eller stadvis dårleg sikt, og så vidare. Så ville eg ha køyrd etter forholda, seier Monica Øksengård, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen i veg.

Ho har sett at temperaturen har sokke raskt enkelte stader i løpet av laurdagen.

– Juleutfarta har ikkje vore så stor i år, men sjekk ver og føre, og ha sjølvsagt gode dekk på bilen.

Publisert 20.12.2025, kl. 18.03 Oppdatert 20.12.2025, kl. 18.59

Read Entire Article