– Sitt! Bra!
Labradorkvalpen Chap er ute på tur med 11-åringen Sigrid Midtbø. Sjølv er han fem månader gammal, og alt er nytt og interessant. Han drar i bandet, snusar på det meste, og oppfører seg som kvalpar flest.
Samstundes er han òg heilt spesiell. Chap er nemleg på veg mot ein karriere som førar- eller servicehund.
Chap er ute på treningstur kvar dag.
Foto: Ingrid Mathilde Langvik / NRKMen først skal han lære å bli trygg i alle moglege situasjonar. Det er der Sigrid og resten av familien Midtbø i Moss kjem inn i bildet.
Dei er fôrvertar, og Chap flytta inn hos dei for nokre få månader sidan. Dette er starten på livet hans som firbeint hjelpar.
Ny kvardag
– Hund har stått på ønskelista til Sigrid lenge, fortel mora Linn.
Ho og mannen var usikre på om det var lurt å utvide familien med ein firbeint, men så blei dei tipsa om at dei kanskje kunne bli fôrvertar.
Dei kontakta Noregs Blindeforbund, og drog av garde på informasjonsmøte.
– Da blei Sigrid enda meir tent. Så vi bestemte oss for å prøve.
Treningsvesten er på når Chap er ute og øver.
Foto: Ingrid Mathilde Langvik / NRKSkinkeost fell i smak som belønning.
Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRKKanskje er dette ein framtidig førar- eller servicehund.
Foto: Ingrid Mathilde Langvik / NRK
Familien blei godkjent, og då Chap var åtte veker gammal tassa han over dørterskelen heime hos dei. Ein heilt ny kvardag var i gang.
– I byrjinga måtte mamma og pappa stå opp om natta fordi Chap måtte på do, fortel Sigrid.
Nå er han reinsleg, men det manglar ikkje på oppgåver av den grunn, og Sigrid trenar med han kvar einaste dag.
For det er mykje som skal inn i hovudet på Chap. Som å gå fint i band og ikkje springe etter pinnar eller ballar.
Familien Midtbø hadde ikkje hatt hund før dei blei fôrvertar.
Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRKPå spørsmål om ho kanskje lærer noko sjølv òg, svarer Sigrid kjapt:
– Mamma ville sagt ansvar.
20 kvalpar treng ein heim
Chap kjem frå Hundeskolen Veiviseren, som er eigd av Noregs Blindeforbund. Skolen ligg på Ås, og er den største oppdrettaren i landet av hundar som skal bli hjelparar for synshemma og rullestolbrukarar.
– Kvart år kjem mellom 80 og 150 kvalpar til verda her, og alle treng ein stad å bu, fortel Hege Bye. Ho er instruktør og fôrvertrådgivar på skolen.
Ho sit på golvet med to fire-veker gamle sjarmtroll i hendene. Spede klynk kjem frå ein madrass. Der kravlar resten av den pelskledde søskenflokken rundt.






Desse små firbeinta treng eit nytt heim før jul.
Elisabeth Tøtte HansenTil saman har hundeskolen rundt 20 kvalpar som treng fôrvertar før jul.
– Vi er avhengige av heilt vanlege menneske, og vi har fôrvertar i alle livsfasar, dei bur i alt frå husbåt til villa, fortel Hege.
Ho seier det å vere fôrvert kan passe veldig bra om ein ikkje har hatt hund før, og lurer på kva det inneber. Alle får nemleg tett oppfølging gjennom samlingar, heimebesøk og privattrening.
Hundeskolen har kvalpar klare til utlevering stort sett heile året, seier fôrvertrådgivar Hege Bye.
Nettopp all treninga gjer at dei som tek til seg ein kvalp, ikkje kan bu veldig langt unna hundeskolen på Ås.
Det gjer det umogleg for mange å bli fôrvertar, noko Hege skjønnar kan kjennast urettferdig.
Samtidig understrekar ho at dei som treng førar- og servicehundar bur over heile landet.
Kanskje han ikkje blir godkjent ...
Heime hos familien Midtbø roper Sigrid på Chap. Han kjem ilande, og slafsar nøgd i seg skinkeost som påskjønning.
– Eg har jo blitt veldig glad i han, sjølv om vi ikkje har hatt han så lenge, seier 11-åringen.
Men som alle andre fôrvertar må ho førebu seg på at ho ikkje kan behalde den gule sjarmøren.
Sigrid Midtbø synest det er flott å vere fôrvert for hunden Chap.
Foto: Elisabeth Tøtte Hansen / NRKOm nokre månader skal han gjennom testar som vil vise om han er klar for neste steg i livet. Trening for å bli førar- eller servicehund.
Hege på hundeskolen fortel at det kan vere tungt for enkelte å levere hunden tilbake. Likevel synest dei fleste det er givande å vite at dei har vore med på å gjere ein forskjell.
Dessutan er det mange fôrvertar som møter hunden igjen.
Ein god del passar han i feriar og helger etter at han er ferdig trena og har flytta inn hos personen som treng han.
Sigrid er ikkje heilt sikker på kva ho håpar vil skje med Chap.
– Eigentleg vil eg at han ikkje skal bli godkjent. Men han er jo så flink, så eg trur kanskje han blir førarhund.
Publisert 06.12.2025, kl. 16.17


















English (US)