Kvar fjerde gard står tom: – Skulle ønskje det var lys i fleire hus

2 hours ago 1



Er du blant dei som kunne tenke seg å bu landleg til på ein landbrukseigedom, med god plass rundt deg?

Du er ikkje åleine.

Ordet «småbruk» er blant dei mest brukte søkjeorda på finn.no/eigedom. Likevel står heile 23 prosent av alle gardar utan fast busetnad.

Det syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Utsikt over Nordfjorden frå småbruket til Hanna og Henrik Tryggestad Koi

Utsikt frå eit småbruk på Lote i Stad kommune.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Etterlyser ordning

– Eg skulle ønskje det var lys i fleire av dei tomme husa, seier leiar Jan Erik Fløtre i Vestland Bondelag.

Fløtre innstilt som ny leiar i Vestland bondelag.

Fløtre trur mange ønskjer større plass, ikkje at dei vil drive gard.

Foto: Privat / Privat

Fylkesleiaren har forståing for at mange gardar går i arv i familiar. Likevel meiner han at ein treng folk i distrikta for å halde lokalsamfunna levande.

Tala frå SSB viser at sjølv om fleire landbrukseigedomar er fråflytta, blei berre ein tredel av eigedomane seld utanfor familiane.

Drøymer du om livet på eit småbruk?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Det er viktig at det folk bur på gardane som har konsesjon. Gardane utan konsesjon er verre å styre, seier Fløtre.

Han skulle helst sett ein måte å halde folk buande fast i distrikta, for å halde lokalsamfunna oppe.

Fraflyttet

Ikkje alle fråflytta gardsbruk er vel like aktuelle som heilårsbustad. Kva med eitt som dette?

Foto: Roar Hansen

At færre bur fast på landbrukseigedommar, heng sjølvsagt også saman med at talet på bønder og aktiv gardsdrift har gått kraftig ned.

I løpet av 1970-, 80- og 90-talet vart over halvparten (85.000) av gardsbruka i Noreg lagde ned. På 2000-talet forsvann nesten halvparten av resten.

Stikk motsett trend

  • I 2024 budde om lag 350.000 personar på landbrukseigedomar – 6,3 prosent av befolkninga.
  • Det er 40.000 færre enn for ti år sidan, og nesten 100.000 færre enn for 20 år sidan.
  • I 2006 budde 9,6 prosent av innbyggjarane i Noreg på landbrukseigedomar.

«Gardsfolket» går stikk motsett veg av resten av folket:

  • Dei siste 20 åra har folketalet i landet auka meir enn 20 prosent.
  • Talet på dei som bur på gard har minka meir enn 20 prosent.

Fraflyttet gammelt hus i Lyngen

Eit fråflytta hus i Lyngen i Troms.

Foto: Ingrid Wester Amundsen

Flest tomme hus i nord

Kor mange hus utan lys i vindauga varierer sterkt rundt i landet.

Nord-Noreg har størst prosentdel landbrukseigedomar med bustadbygningar utan fast busetjing:

  • Nordland: 42 prosent
  • Troms 38 prosent
  • Finnmark 34 prosent

Kart som viser prosentandel landbrukseigedommar med bustadhus som er utan fast busetjing i alle norske kommunar (2024). Mørkare grønfarge indikerer høgare andel.

Det er stor geografisk skilnad på kor mykje landbrukseigedom som ikkje har heilårsbusetnad. Fargane viser prosentdel.

Grafikk: SSB

I andre enden toppar Innlandet lista. Der bur over 16 prosent av innbyggjarane på landbrukseigedommar. Og i Lesja kommune nord i fylket er talet heile 48 prosent.

– Kan vere tøff konkurranse

Einar Bergsholm, forskar i juridiske fag ved NMBU, fortel at det ikkje er lett å peike ut éin bestemt grunn til utviklinga med mange gardshus utan fastbuande.

– Nokon kjøpar barndomsheimen sin for å bruke han til feriestad. Ei anna forklaring kan vere at konkurransen i landbruket er tøff, der bønder må ha to gardseiningar for å få drifta til å gå rundt. Då kan dei berre bu éin stad.

Bergsholm viser til konsesjonslova som skal ivareta fleire formål, også busetnad.

Likevel kan det vere forskjellar mellom kommunane korleis lova blir utøvd.

Han spør seg om det kanskje burde vore lettare å kunne frådele landbruksjord. Då kunne moglegheita for å utvide driftseiningar bli lettare.

– Og at ein vurderer meir kven som kjøper jorda. Om det er eit ungt par som ønsker å satse og drive gardsbruk som yrke, kan det vere lettare for dei å få kjøpt jord og ikkje måtte kjøpe heile garden, føreslår forskaren.

Publisert 04.12.2025, kl. 22.23

Read Entire Article