Kvinne mistenkte ribbeinsbrot – skal ha fått massasje av brystvortene hos legen

1 week ago 12



Legebesøket i ein romsdalskommune hausten 2021 hamnar no i retten. Ei ung kvinne oppsøkte legevakta etter at ho slo seg kraftig på ei trening og mistenkte at ho hadde brote eit ribbein.

Det enda med at ho måtte ta av seg bh-en og at den framande legen skal ha massert brysta og brystvortene hennar. Legen skal også ha spurt henne om ho tok mykje på seg sjølv – og gitt henne telefonnummeret sitt.

No er han tiltalt for brot på Helsepersonellova § 67, jmf § 4 og på Straffelova § 297.

Denne veka skal Møre og Romsdal tingrett avgjere saka.

– Han vedgår ikkje straffskuld, seier mannen sin forsvarar, Alexander Schimmelpfennig Nygaard.

Alexander Schimmelpfennig Nygaard

Alexander Schimmelpfennig Nygaard er forsvarar for den tidlegare legen.

Foto: SjødinMeling

Nygaard vil ikkje seie noko før rettssaka om kva den tidlegare legen meiner skal ha skjedd inne på legekontoret.

– Lata som ho svima av

Allereie i fjor haust var saka tema i domstolen.

Hausten 2022 tok Statens helsetilsyn frå legen autorisasjonen, og det nektar han å godta. I fjor haust saksøkte han difor staten, og gjekk til rettssak i Oslo tingrett.

Under rettssaka kom det fram at den unge kvinna skal ha lata som ho svima av, for å få han til å slutte.

Ho hevda også at han beklaga framferda si og sa at han aldri før hadde gjort noko liknande.

Då den tidlegare legen skulle forklare seg, ba han retten om å undersøke om ho kan ha vore utsett for seksuelle overgrep tidlegare i livet. Han lurte på om det kunne vere difor ho reagerte så sterkt på legekonsultasjonen. Han hevda det aldri skjedde noko upassande.

Synne Bernhardt

Synne Bernhardt representerte den tidlegare legen under rettssaka i Oslo.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Blei ikkje trudd i Oslo tingrett

Den tidlegare legen blei ikkje trudd i Oslo tingrett og blei dømt til å betalte 100 000 kroner i erstatning til den unge kvinna.

Sjølv var han sterkt prega under rettssaka. Han fortalde om ein vanskeleg bakgrunn og korleis han hadde kjempa for å bli lege.

Etter kort tid bestemte han seg for å anke. Ankesaka skulle starta i februar, men blei utsett då det blei klart at påtalemakta har tatt ut tiltalte mot han.

Ein av 65 legar

Den tidlegare legen frå Møre og Romsdal er ikkje den einaste i helsevesenet som er skulda for å ha tøygd grensene. NRK publiserte nyleg ei omfattande kartlegging som viste at 65 legar har mist eller gitt frå seg autorisasjonen dei siste 20 åra på grunn av seksuell grenseoverskridande åtferd.

Meir enn ein tredel av dei har likevel fått tilbake autorisasjonen etter ei tid, slik som den tidlegare legen i Møre og Romsdal har forsøkt.

Skal ha brekt seg

Då den unge kvinna blei henta av venninna på legevakta, skal ho ha gråte og brekt seg.

Denne veka skal både ho og venninna forklare seg for retten.

Påtaleansvarleg Anders Skorpen-Trøen seier det er ei uvanleg sak.

– Det er heldigvis sjeldan med straffesaker der helsepersonell er mistenkt for seksuelle krenkingar. Det er viktig at pasientar er trygge under medisinske undersøkingar, seier han.

Politiadvokat Anders Skorpen Trøen

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Astrid Bolstad er bistandsadvokat for den unge kvinna.

– Ho ser fram til å bli ferdig med saka. Hendinga har prega henne og ho ønskjer å komme seg vidare i livet, seier Bolstad.

Astrid Bolstad

Astrid Bolstad er bistandsadvokat for den unge kvinna.

Foto: Wold&Co

Det er sett av fire dagar i Møre og Romsdal tingrett.

Publisert 23.04.2024, kl. 05.19

Read Entire Article