– Kyle, er du klar for eksamen på måndag?
Spørsmålet kom like før finalen i årets Eurovision Song Contest, laurdag.
– Den trong du ikkje nemne. Eg får berre ta det som det kjem, svara Kyle Alessandro.
Men med lite søvn og ein sliten kropp etter innsatsen i Eurovision valde Kyle å ikkje møte opp til eksamen i faget politikk og menneskerettar, slik han hadde planlagd.
– Det blei ikkje eksamen likevel! Eg trong rett og slett å kvile, seier artisten til NRK.
– Det einaste fornuftige å gjere
Like før midnatt, natt til måndag og eksamen, kom han og Kyle heim til Steinkjer etter Eurovision.
– Eg spurde ein siste gong før han gjekk og la seg: Skal du på skulen i morgon? Og då sa ha rett og slett nei.
Det seier far og manager, Kioto Villalobos Sanchez, som var med sonen til Basel.
– Eg støtta han i avgjerda. Det var eigentleg det einaste fornuftige å gjere.
Sjå Kyle Alessandro sin framferd i finalen.
For etter ei intens helg med lite søvn i Basel trong Kyle, som hamna på 18.-plass i Eurovision å kvile.
– Kyle var sliten, rett og slett. Han skjønte det sjølv, at det var liten vits å møte opp i dag, legg faren til.
Og på grunn av deltakinga i Eurovision måtte 19-åringen også stå over eksamen i norsk hovudmål og psykologi.
Vil satse vidare på musikk
Noreg og Kyle Alessandro blei nummer 18, med totalt 89 poeng i årets Eurovision-finale.
– Det er betre enn sisteplass, og det er betre enn oddsen også, seier Kyle Alessandro om plasseringa Noreg enda på.
Etter finalen seier 19-åringen at han føler seg heldig som har fått oppleve å vere med i årets Eurovision-finale.
Noregs Kyle Allesandro om resultatet i Eurovision Song Contest 2025
No skal han og faren sette seg ned for å finne ut kva vegen vidare er for den unge artisten.
– Han har definitivt lyst til å halde fram med ei musikkarriere, og det inneber veldig mykje, seier far og manager.
Etter Eurovision har det fleire dører opna seg både i Noreg og i Europa for Kyle Alessandro.
– Han må ta stilling til om han skal velje dette som karriereveg og då begynne å teikne ein liten strategi på kva veg den karrieren skal ta, legg faren til.
Kyle Alessandro kombinerte russetida med å representere Noreg i årets Eurovision-finale.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKFinn ei løysing på eksamen
Rektor ved Steinkjer videregående skole seier at skulen skal gjere sitt for at Kyle Alessandro skal få til å fullføre skulegangen.
– Me må legge ein plan i lag med han og så må me følge regelverket for eksamen, seier Liv Karin Olsen Flak.
Ho rosar eleven og seier han bidreg til eit godt læringsmiljø både i klassen og på heile skulen.
– Me føler oss sikker på at Kyle skal få fullført skulegangen på ein god måte.
Publisert 19.05.2025, kl. 18.35