DEBATT: Fleire kommunar vel no å avvikle tilbodet om skulegudstenester. Det meiner vi i KrF er feil veg å gå.
Anne Kristin Bruns
Medlem i bystyret og utvalg for oppvekst og utdanning
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Skulegudstenester har lenge vore ein naturleg del av førjulstida i Norge, og gjev barna ei viktig forståing av kvifor vi faktisk feirar jul.
Norsk kultur har djupe røter i kristendommen, og mykje av samfunnet vårt er forma av kristne verdiar og tradisjonar. Skal elevar forstå historia og kulturen dei er ein del av, må dei òg få innsikt i dei kristne røtene. Skulen gir teoretisk kunnskap, men ei skulegudsteneste gir barna førstehands erfaring med korleis jula blir markert i kyrkja – ei erfaring som ikkje kan erstattast av lærebøker.
Likevel opplever mange rektorar usikkerheit rundt kva som er lov, særleg med tanke på forbodet mot forkynning i skulen. Denne usikkerheita har ført til at fleire skular takkar nei til samarbeid med kyrkja. Det er uheldig, for både kunnskapsministeren, Stortinget og Utdanningsdirektoratet har gjort det klart at det ikkje er forbode å arrangere skulegudstenester.
Det blir ofte hevda at slike tradisjonar kan støte elevar med anna bakgrunn. Erfaringa viser det motsette: Protestane kjem sjeldan frå minoritetar, men frå dei som ønskjer å presse religion ut av det offentlege rommet. Å fjerne skulegudstenester vil gjere at barn veks opp med mindre kjennskap til den kulturarven som har forma landet, og det svekker moglegheita til å forstå verdiane om fridom, menneskeverd og fellesskap.
I dag er det fritaksrett for dei som ikkje ønskjer å delta, og denne bør bestå. Informasjon om fritak må kome tidleg og vere tydeleg, og skulane skal alltid leggje opp til eit godt alternativt opplegg. Slik kan ein ivareta både trusfridom, inkludering og kulturforståing – utan å svekke tydinga av ein tradisjon som står sentralt i norsk historie.
KrF meiner difor at alle elevar bør få tilbod om skulegudsteneste der kyrkja inviterer. Det må vere ei tydeleg forventning om at skulen takkar ja, slik at alle elevar får like moglegheiter. Samstundes skal fritaksretten for dei som ikkje ønskjer å delta, stå fast, og alternativa må vere gode.
Publisert:
Publisert: 11. desember 2025 11:24

1 week ago
11












English (US)