DEBATT: Eit land som ikkje kan brødfø si eiga befolkning, må tenkje alvorleg gjennom kva høve som skal vega tyngst når vedtatte forvaltningsområde står mot kvarandre – auka matproduksjon i landet eller lågast mogleg nettleige.
Sissel Marie Bjerga
Leiar Finnøy kommunedelsutval og leiar Stavanger KrF
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Stortingsmelding 11 handlar om handlar strategien for å auka sjølvforsyninga i landet vårt frå 40 til 50 prosent. Det er brei politisk semje om at dette må til slik verda har endra seg. Det handlar om beredskapen vår. Det handlar om usikre tider og krig nært oss. Det handlar om å førebu seg. Det handlar om å sikre folket mat. Ikkje minst når ein ser kva uro eit president-skifte i USA kan skape for verdshandelen.
Gløymer ein jordvernet?
Men det kan verke som dette er gløymt når ein kjem til neste forvaltningsområde når me treng meir straum og utbygging av straumnettet. NVE og L-nett viser til Stortingsmelding 14, Vi bygger Norge, om utbygging av straumnettet. For 13 år sidan var det altså sagt at utbygging fortrinnsvis skulle byggjast ut i luftline. Føringane frå 2012 vart vidareført i NOU-en Nett i tide – om utvikling av straumnettet. Men verda ser svært annleis ut i dag, enn både i 2012 og faktisk også i 2022. Det bør koma ei ny stortingsmelding på dette feltet om utbygging av samfunnskritisk infrastruktur i ei ny sikkerhetspolitisk tid.
I Norge står desse to forvaltningsområda mot kvarandre, og politikarane på Stortinget må vekta kva som skal vega tyngst; hindre at nettleiga stig nokre øre for kvar enkelt som er NVE sitt ansvar, og L-nett sitt ansvar lokalt. Eller det nasjonale målet om auka sjølvforsyningsgrad under forvaltningsområdet matproduksjon og landbruk? Når det å auka sjølvforsyningsgraden i dette landet er ein viktig del av totalberedskapen vår, kan me ikkje godta at utbygging av straumnettet skal kunne trumfe dette.
Det er planlagt omdisponert ca. 7700 daa jordbruksareal til å bygge nettanlegg som trafostasjonar og linjene. Det vil seia nesten fire gonger så mykje som det årlege jordvernmålet. I tillegg kjem nedbygging av natur – 128 127 daa, men dette snakkast det ikkje om når det er fokus på nedbygging av naturen vår. Ekspropriert landbruksjord til fordel for luftline vert ståande i eit svært grelt lys.
Gode intensjonar taper
Konsekvensen av tyngst vekting av nettleiga inneber nedbygging av landbruksjord, reduksjon av spreieareal som får direkte økonomisk konsekvens og gir mindre matproduksjon for bonden. Det går på tvers av målet om å sikre matforsyningslinjene og gi meir sjølvforsyning på den vesle landbruksjorda me har.
Då kan me ikkje godta at L-nett skal få ekspropriere landbruksjord til framføring av luftliner, og slik legge avgrensingar på landbruksarealet som gjer at me øydelegg for målet om å sikra og auka matforsyninga i landet vårt. Det er både eit nasjonalt og kommunalt ansvar å stå mot dette. Galskapen er jo at AS Norge tvingar kommunane til å underslå AS Norge sitt eige jordvernmål, mattryggleik og mål om auka forsyningsgrad, til fordel for linjenettet. Krafta kjem fram under bakken, og begge mål er varetatt. Skal tru om det ikkje er pengane som rår. Gode intensjonar om mat til folket, ser ut til og tapa.
Publisert:
Publisert: 18. august 2025 09:52