I fleire år har Øyer-Tretten Idrettslag vore teknisk arrangør for skirennet Janteloppet på Hafjell.
Nå er det slutt.
Idrettslaget har sett seg lei på sviktande utbetalingar, og meiner løpet blir assosiert med høgt alkoholforbruk og festing.
Gudbrandsdølen Dagningen melde om brotet først.
Reda El Chaar, som er største eigar av Janteloppet, seier til NRK at han ikkje diskuterer verken skuldingar eller betalingsproblem i media.
Petter Northug Jr. grunnla Janteloppet, som går av stabelen i Hafjell.
Foto: NTB scanpixHan eig 70 prosent av Janteloppet AS gjennom Reece Sports Holding AS. Frontfigur og grunnleggar Petter Northug Jr. eig 30 prosent.
Det har så langt ikkje lykkast NRK å få ein kommentar frå Northug.
Ville avslutte samarbeidet tidlegare
NRK har fått sjå brevet Øyer-Tretten Idrettslag sende til Janteloppet 4. mai.
Dei skriv i brevet at dei var nær på å avslutte samarbeidet før årets renn i april, men vedtok å gjennomføre.
Men nå er det slutt.
Dei første åra var løpet sponsa av Red Bull, og fleire store langrennsstjerner har deltatt opp gjennom åra. Her frå 2019.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB,NTBIdrettslaget ønsker ingen vidare samarbeid frå og med 2027.
Årsakene er mange, blant anna:
- Svak økonomisk styring: Gjentatt manglande betaling påverkar både idrettslaget og andre leverandørar
- Verdiar: Klubben ønsker ikkje å bli assosiert med omfattande alkoholbruk eller festing i samband med arrangementet
- Tekniske løysingar: Klubben ønsker å bruke eigne, tekniske løysingar til arrangement
- Bruk av bane: Ønsker at arrangementa skal gjennomførast på heimebanen til klubben
Brevet blir avslutta med ei bønn om at Janteloppet AS gjer opp for seg.
Klubben får 250.000 kroner mot at medlemmene arrangerer løpet. Ifølge dagleg leiar Jan Erik Fossheim ventar dei framleis på 150.000 kroner.
Han ønsker ikkje å kommentere saka utover det som kjem fram i brevet.
Betalingsproblem
I tillegg til å vere seine med å betale det lokale idrettslaget, skuldar Janteloppet AS andre kreditorar til saman 1,5 millionar kroner.
Det kjem fram i ei oversikt over betalingsmerknader hos Bisnode. Dei tidlegaste ubetalte rekningane stammar frå januar 2024.
Blant dei største kreditorane finn vi artistselskapa All Things Live Norway AS og Artistpartner AS, Lillehammer Olympiapark AS og EQ Timing AS.
Nokre av kreditorane har også tatt pant i selskapet for cirka 500.000 kroner.
Eigenkapitalen for Janteloppet AS for 2024 var på minus 9,9 millionar kroner.
Reda El Chaar, som er største eigar av Janteloppet, seier at han ikkje diskuterer verken skuldingar eller betalingsproblem i media.
– Eg ønsker langrennssporten og idrettslaget alt det beste. Og håpar at når vi i framtida ser tilbake på problema, vil vi sjå at dei gjorde forholda våre sterkare, seier han vidare.
Publisert 04.05.2026, kl. 13.49














English (US)