Linnea (19) fekk jernmangel av mensen: – Ante ikkje at det var ein samanheng

17 hours ago 1



Linnea Sofie Kvåle (19) gjekk konstant dårleg under kvar menstruasjon. Ho kunne kaste opp av smerter og var svimmel heile tida. Mengdene blod var så store at nattbind ikkje var nok.

I fleire år sleit ho med vondt i hovudet og svimmelheit.

Så drog ho til fastlegen. Der fekk ho vite at ho hadde jernmangel.

– Eg hadde aldri høyrt at mensen og jernmangel hadde noko med kvarandre å gjere, seier Kvåle.

Det var ikkje før begynte å ete jerntilskot og begynte på p-piller sånn at ho kunne hoppe over nokre menstruasjonar at kvardagen blei normal igjen.

– Visste du at kvinner er anbefalte å ete meir jern enn menn?

Nei, det ante eg ikkje. Eg skulle ønske at ein lærte meir om kva som faktisk skjer med kroppen når ein får mensen, seier Kvåle.

  • Et blekt ansikt til en person som er tydelig utslitt, med poser under lukkede øynene og åpen munn.

    Alvorleg jernmangelanemi. Du føler deg utslitt, svimmel og tungpusta. Kroppen har ingen reserve.

    Grafikk: Egil Ursin / © NRK
  • Et mindre blekt ansikt med litt mindre poser under øynene, som er åpne.

    Prøvesvara dine er «grøne», men du kan framleis føle deg slapp og ha symptom.

    Illustrasjon: Egil Ursin / © NRK
  • Et friskt ansikt med smilende munn og strålende humør.

    Du har overskot, god fysisk yteevne og optimal konsentrasjon. Kroppen er i balanse.

    Grafikk: Egil Ursin / © NRK

– Skulle stått på helsestasjonen

Kvar einaste dag bruker kroppen jern, men kvinner som har mensen har eit «ekstra uttak». Kvinner mistar i gjennomsnitt 0,5 milligram jern per dag under menstruasjon.

– Det skulle vore allmennkunnskap at kvinner i fertil alder kan få mangel på jern. Det burde stått på helsestasjonar. Det burde vore noko mødrer fortalde døtrene sine da dei fekk mensen for første gong.

Det opplyser fastlege Mozzie Marvati.

Han meiner mange ikkje forstår kor dramatisk det månadlege blodtapet er for kroppen over tid.

– Om du ikkje får i deg nok jern til å dekke tapet, blir lagera tømte gradvis. Det skjer ikkje over natta, men sakte og umerkeleg. Heilt til du ein dag sit hos fastlegen og er fullstendig utsliten, forklarer han.

Fastlege Mozzie Marvati på legekontoret

Fastlege Mozzie Marvati reagerer på at ikkje fleire kvinner veit at dei kan få jernmangel på grunn av menstruasjon.

Foto: Privat

Ein forskingsrapport om kvinner og jernmangel, og samtaler med kvinnelege kollegaer, blei ein vekkar for Marvati.

Han innsåg at han sjølv hadde stolt for mykje på systemet.

Den amerikanske forskingsrapporten publisert på PubMéd Central melder at ein kan vere sliten, ukonsentrert og kjenne at kroppen ikkje fungerer som han skal, sjølv om målingane hos legen seier at du er normal.

Når legen måler jern i blodet, ser dei på ferritin – jernlageret til kroppen. Viss verdien er under ei viss grense, blir lagera rekna som tomme.

Men er du rett over ferritingrensa blir rekna lagera som normal.

– Eg har sjølv vore den legen som berre såg på om tala i prøvesvaret var raude eller ikkje. Var dei ikkje raude, sa eg til pasienten at alt var normalt. Men ikkje nå lenger.

– Å ha «normale» jernlager er nemleg ikkje det same som å ha optimale lager, seier han.

Normalt ikkje optimalt

Marvati meiner desse måla er problematiske.

– Problemet begynner når du får høyre at prøvene er fine fordi dei ligg innanfor «normalområdet». Men normalområdet betyr berre at dei fleste ligg der, ikkje at det er bra for akkurat din kropp, seier Marvati.

Han meiner at dette ikkje seier noko om kva som er optimalt for kroppen din, eller korleis du har det.

Illustrasjonsbilder med falskt blod. Mensen

Illustrasjonsbilde med falskt blod.

Foto: Jørgen Berntsen Leangen / NRK

Han er kritisk til eit system som ventar til folk er ordentleg sjuke før dei får hjelp.

– Kritikken min går mot systemet. Vi behandlar ikkje folk før dei er ordentleg sjuke. At kroppen er optimal er ikkje ein sjukdom, seier fastlegen.

Han meiner at dagens laboratoriegrenser ofte er sette for lågt, særleg for kvinner. Og at mange kvinner med reelle jernproblem ikkje blir fanga opp, fordi dei framleis ligg innanfor det som laboratoriet kallar normalområde.

Måtte avvise kvinner som ville gi blod

Blodbanken i Bodø avviste 46 kvinner med for lite jern som blodgivar i 2025. Same år blei fem menn avviste av same grunn.

Ein svensk forskingsartikkel frå i 2025 viser at vegetarianarar og veganarar er mest utsett for jernmangel.

Studien, basert på sjølvrapportering og blodprøver frå i underkant av 500 svenske tenåringsjenter, viste at 38 prosent hadde jernmangel. Av veganarar og vegetarianarar hadde 70 prosent for lite jern.

Så kva tenker norske helsemyndigheiter om kritikken frå fastlegen?

– Det er rett at kvinner i fertil alder oftare enn menn har låge jernlager, fordi menstruasjon gir eit jamleg jerntap.

– Å vere innanfor «normalområdet» på jern betyr ikkje nødvendigvis at alt er bra.

 avdelingsdirektør Knut Berglund i avdeling for samfunnshelse hos Helsedirektoratet.

Avdelingsdirektør Knut Berglund i avdeling for samfunnshelse hos Helsedirektoratet.

Foto: Helsedirektoratet

Det innrømmer avdelingsdirektør Knut Berglund i avdeling for samfunnshelse hos Helsedirektoratet.

Likevel anbefaler Helsedirektoratet kvinner med menstruasjon å ete 15 milligram jern gjennom kosthald kvar dag. For menn er oppfordringa 9 milligram.

Myndigheitene meiner kosthald er tryggare enn piller, og at faren for jernforgifting og feildiagnostisering veg tyngre enn behovet for ei generell oppfordring om tilskot.

  • For mykje jern kan lagre seg i organ og føre til skadar over tid.
  • Jerntablettar gir ofte plagsame biverknader som mageknip, kvalme og forstopping.

Myndigheitene vil heller at legane skal sjå på mennesket, ikkje berre målinga.

Helsemyndigheitene meiner at dei fleste kvinner kan og bør dekke det auka behovet gjennom kosthaldet.

Ved å ete jernrik mat som kjøtt, egg og grove kornprodukt) erstattar ein dei 0,5 mg ein taper dagleg utan å risikere dei negative effektane av piller.

Berglund forklarer at «normalområdet» kan bli ei kvilepute for legar om dei ikkje vurderer andre symptom, kor mykje dei blør, kosthald og andre faktorar.

Mensblod som renner nedover låret.

Kvar månad i omtrent 30 til 40 år menstruerer kvinner. Nokon blør meir enn andre. Saman med menstruasjonen mistar kvinner jern.

Foto: Jørgen Berntsen Leangen / NRK

– Referansegrensene viser berre kva som er vanleg for dei fleste, ikkje kva som er sunt. Laboratoria åtvarar sjølv mot å bruke desse tala som ein fasit for om ein har nok jern. Det er vurderinga til legen av pasienten som skal avgjere om jernlageret er godt nok, ikkje berre statistikken, seier han.

– Vurder med legen

Fastlege Marvati anbefaler heller ikkje alle kvinner å ta jerntilskot sjølv om dei menstruerer.

Han fryktar at mange kvinner som har hatt mensen sidan dei var 12 eller 13 år, trur at symptoma på jernmangel berre er sånn dei skal ha det under mensen.

– Ja, og det er igjen veldig trist, seier Marvati.

Han legg til:

– Jerntilskot passar ikkje for alle, og bør alltid vurderast saman med ein lege.

Han forklarer at livet ofte er meir komplisert enn ei blodprøve.

– Rådet mitt er, sjølv om ein er innanfor normalverdien, men han er låg, bør ein vurderast saman med symptoma sine.

Heisan!

Takk for at du leste saken!

Har tips til andre saker du kunne tenkt deg å lese?

Send meg gjerne en e-post:-)

Publisert 22.04.2026, kl. 21.06

Read Entire Article