LMZ Pluto er endeleg slept til kai – ein krevjande redningsaksjon

7 hours ago 3



Det var tysdag 24. mars at bulkskipet LMZ Pluto sende ut nødmelding og bad om evakuering etter å ha fått problem i Norskehavet.

Skipet seglar under flagget til Marshalløyane, og skulle frå Murmansk i Russland til Santa Marta i Colombia.

Skjærtorsdag la skipet til kai på Averøya på Nordmøre.

en steinete kyst med en vannmasse og en båt i det fjerne (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Skipet må no ligge til kai på Averøya fram til det har fått nytt seglingsløyve.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Spesiell redningsaksjon

To helikopter frå Noreg blei sende ut for å hjelpe til i den dramatiske redningsaksjonen 24. mars.

Skipet fekk motorstans, og det var dårleg vêr i området. Då bad kapteinen om at alle om bord skulle bli evakuert.

– Det har vore ein ganske spesiell aksjon. For det er første gong vi har hatt denne type redningsoperasjon så langt til sjøs, seier i kommunikasjonsdirektør i Kystverket, Anette Bonnevie Wollebæk.

Totalt 23 personar vart henta opp med helikopter og floge til land. Skipet segla då vidare utan mannskap.

LMZ Pluto fekk drive for seg sjølv ei stund, men etter kvart forstod dei at det var på veg mot oljeinstallasjonar ute i Norskehavet.

Då bestemte kystvakta at spesialstyrken Rits, som høyrer til Bergen brannvesen, skulle ta seg om bord feste å feste slep på skipet.

– Det var krevjande å få kontroll på skipet, og å få sett på slep, men det har vore eit godt samarbeid heile vegen, seier Wollebæk.

Ho vil skryte av alle aktørane som har vore involvert i redningsaksjonen.

– Vi i Kystverket er veldig glad for det gode samarbeidet. Vi har hatt med fleire offentlege etatar rundt dette. Mange fortener skryt for innsatsen sin, etter dramaet som skjedde langt utanfor norsk territorialgrense. Det har vore eit spennande oppdrag.

Skipet LMZ Pluto hadde ingen motorkraft, og fleire slepebåtar måtte i sving for å manøvrere skipet til kai.

Kystvakta var på plass torsdag utanfor Averøy.

Kystvakta var også på plass då skipet la til kai i dag.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

No er det slept til Averøya Industripark på Nordmøre.

Skipet ber preg av å ha vore i naud

Politiet har no gjennomført ein ordinær kontroll av skipet.

– Vårt mandat som politi er å kontrollere mannskapet om bord. Dette er ikkje same mannskap som vart evakuert. Dette er ikkje noko unormalt for politiet, seier innsatsleiar i politiet, Øyvind Fjærli.

En politimann står foran en port med skilting.
Han har på seg en svart lue, jakke og vest med politimerker.
Bak ham er det en inngang med snurrbommer og en stor metallport.
Skyet himmel og fjell i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Politiet sin innsatsleiar, Øyvind Fjærli.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Han seier at både toll, kystvakta og politiet har vore om bord skipet i dag. I tillegg til ein representant frå eit forsikringsselskap.

Båten får foreløpig ikkje lov til å forlate Averøya med det første.

– Båten har fått seglingsforbod, inntil sjøfartsdirektoratet har vore på inspeksjon og friskmeldt skipet, seier han.

Han seier at båten innvendig ber preg at den er forlaten til havs i dårleg vêr.

Etter påske vil også Sjøfartsdirektoratet gjennomføre ein såkalla hamnestatskontroll på skipet.

Publisert 02.04.2026, kl. 17.45

Read Entire Article