Lokkar med bil på kjøpet for å selje bustader

1 hour ago 2



– Vi måtte finne på noko for å trekke folk til oss, og vi syntest det var ein morosam tanke, seier eigedomsmeklar Silje Furuseth Aandalen.

I eit stadig tøffare bustadmarknad, går meklarane no nye vegar for å finne nye kjøparar.

Til nær åtte millionar kroner får du ein bustad på 121 kvadratmeter, og ein splitter ny bil på kjøpet i det nye prosjektet Østby terrasse på Gjøvik.

– Du må passe på at du ikkje lèt deg blende av tilbod du eigentleg ikkje treng, seier Nora Wennberg Gløersen, seniorrådgjevar i Forbrukarrådet.

Skilt på en tomt, med utsikt mot et vann og landskap i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sjølv om det i dag berre er ein plakat på plass, håpar Aandalen at fleire nye bustader vil reise seg på byggeplassen.

Foto: Frida Skauvik Aune / NRK

– Tøffare å selje

To einebustader som er kopla saman, skal snart bli sett opp i ei overgrodd blomstereng litt sør for Gjøvik.

Aandalen traskar gjennom det høge graset og forklarar at sjølv om dei får selt ein god del bustader, har marknaden blitt tøffare.

– Særleg nybygg har blitt tøffare å selje, seier ho.

dame på tomt

Eigedomsmeklar Silje Furuseth Aandalen viser fram tomta der dei nye bustadene skal stå.

Foto: Frida Skauvik Aune / NRK

Ifølgje Eigedom Noreg tek det 40 dagar å selje ein bustad. I Innlandet tek det 70 dagar.

Tala på salet av nybygg for første halvår blir lagt fram i august. Dei nyaste månadstala frå Boligprodusentene, frå mai, viser at nybyggmarknaden var på sitt lågaste nivå nokon gong.

I mai vart det seld 22 prosent færre nye bustader enn same månad året før.

– Dei fleste er avhengige av to bilar

Ved å kaste ein bil inn i potten, håpar utbyggaren, Gjøvik og omegn Boligbyggelag (GOBB), å kunne trekke til seg alt frå barnefamiliar til meir vaksne kjøparar.

– Dei fleste i dag er avhengige av to bilar, og for barnefamiliar kan det vere greitt at kvar forelder har ein bil, meiner Aandalen.

Til Oppland Arbeiderblad, som først omtalte prosjektet, svarer Tom Søgård i GOBB dette på kvifor dei ikkje berre set ned bustadprisen tilsvarande dei 270.000 kronene bilen kostar:

– Vi har allereie redusert bustadprisen med nær 300.000 kroner, og tilbyr i tillegg ein bil, seier han til avisa.

– For nokon kan det vere aktuelt å selje bilen, avhengig av eigen situasjon, følger Søgård opp.

erpijfer

Om du skulle trenge smør eller sukker, er det kort veg til naboen for å låne.

Illustrasjon: Gjøvik og omegn Boligbyggelag

Forbrukarrådet er skeptiske

Det er lov å selje hus med bil på kjøpet, men Gløersen i Forbrukarrådet ber folk vere på vakt.

– Vanskelegare tider på bustadmarknaden kan føre til at utbyggarar tyr til kreative løysingar for å lokke til seg kjøparar, seier ho.

– Om du ikkje treng ein ny bil, vil det truleg vere langt rimelegare å finne ein bustad som blir seld utan denne tilleggsytinga.

heheo

Nora Wennberg Gløersen, seniorrådgivar i Forbrukarrådet

Foto: Helen Mehammer / Forbrukerrådet

Ved eit slikt kjøp er det også ekstra viktig å lese nøye gjennom dokumenta som gjeld bustaden, seier Gløersen.

– Dersom det er noko du ikkje forstår, må du spørje før du legg inn bod.

Mellom anna bør ein ifølge Gløersen få greie på korleis bilen skal betalast.

Er det ein del av kjøpesummen for eigedommen, eller inngår du ein eigen avtale med bilforhandlaren?

Dette er avgjerande for til dømes kor mykje du skal betale i dokumentavgift.

Ikkje heilt uvanleg

Aandalen seier det er fleire meklarkontor som har lokka med bil på kjøpet tidlegare, men at dette er første gong dei prøver.

– Før var det blant anna vanleg å legge med ein elsykkel i prisen, spesielt i blokker litt utanfor sentrum, seier ho.

Aandalen forsikrar at tilbodet er heilt lovleg.

– Om det kan vere noko som bikkar deg i rett retning og du får lyst på huset, så prøver vi på det.

Publisert 03.07.2026, kl. 15.49

Read Entire Article