– Eg har leika litt med leidningar og vore litt unge, seier Daniel Tysland og viser fram duppedingsen sin.
Med den kan han høyre sambandet og stetoskopet i høyreapparatet. Det er ein eigenskap ein ambulansearbeidar er heilt avhengig av – men som Tysland manglar.
Tysland får mykje skryt for drivkrafta og oppfinnsamheita si.
Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRKHan er nemleg «stokk døv» som han sjølv seier.
Sidan løysinga ikkje fanst, måtte Tysland ta saka i eigne hender for å oppfylle yrkesdraumen.
Etter mykje prøving og feiling kom han fram til den svarte klumpen han viser oss, eller duppedingsen om du vil.
– Mesteparten er kjøpt på Clas Ohlson, så alle kan få det til, seier 22-åringen mens han demonstrerer korleis han koplar sambandet og stetoskopet til høyreapparatet.
Han held fram eit elektronisk stetoskop. Sambandet og stetoskopet koplar han til ein liten, svart boks. Det er eigentleg ein enkel Bluetooth-sendar, men for Daniel er den nøkkelen til yrkeslivet.
– Den gjer at eg kan behandle pasientar på lik linje med høyrande ambulansepersonell.
Med hjelp av den svarte bluetooth-sendaren øvst får Tysland kopla sambandet og stetoskopet (nedst) direkte til høyreapparatet.
Christian Nygaard-Monsen/NRKFagbladet Din Høyrsel og Fredriksstad Blad har tidlegare omtalt «oppfinninga».
Mange fell utanfor
Takka vere hans eiga oppfinnsamheit er han nå lærling i ambulansetenesta i Fredrikstad, og ligg godt an til å unngå å bli del av ein dyster statistikk.
Ein rapport frå Oslo Economics viser at mange unge med høyrselstap fell utanfor arbeidslivet.
– Rapporten antydar at personar med høyrselsutfordringar som unge, har dobbelt så høg risiko for å bli uføre som dei med normal høyrsel. Dei står også i høgre grad utanfor arbeidslivet enn andre, seier generalsekretær i Hørselsforbundet, Inger Helene Venås.
Inger Helene Venås
Generalsekretær i Hørselsforbundet
Det var hennar forbund som tok initiativ til å utarbeide rapporten som blei lagd fram i 2025.
Ifølge Venås kjem dei høge tala ofte av manglande kunnskap ute i bedriftene.
– Rapporten viste at berre éin av tre får den tilrettelegginga dei har behov for, seier Venås.
Ho meiner Tysland er eit godt døme på at nedsett høyrsel ikkje betyr at ein ikkje kan følgje draumane sine.
Hørselsforbundet har aldri høyrt om nokon som har utvikla ei slik løysing tidlegare, og meiner oppfinnsamheita til Tysland er beundringsverdig.
– Vi har ikkje fått nokon førespurnad om kommunikasjonsutstyr av denne typen. Vi synest det er imponerande at Daniel har vore så innovativ, seier Venås.
– Må slutte å undervurdere folk
Når Daniel får høyre om statistikken, nikkar han attkjennande.
Tysland og kollega Sigurd Gromholt er halvvegs ut i lærlingtida.
Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK– Eg har møtt mykje motstand gjennom livet òg, seier han.
Han meiner at arbeidsgivarar går glipp av ressursar ved å fokusere på avgrensingane, og ikkje løysingane.
– Eg trur vi ofte undervurderer folk med ei funksjonshemming. Det er det største problemet. Vi må slutte å undervurdere folks kunnskap eller lyst til å få til noko, seier Tysland.
Hos ambulansetenesta i Fredrikstad har tilrettelegginga vore eksemplarisk, fortel 22-åringen. Ifølge sjefen hans har det ikkje vore nokre utfordringar med å få inn Tysland.
– Det er Daniel som har gjort jobben, men vi skal vere her og legge til rette for han, seier Lars Erik Mørkhagen, seksjonsleiar i ambulansetenesta i Fredrikstad.






– Vi har gjort eit varp
Mørkhagen fortel at høyrselshemminga har gitt Daniel ei ekstra drivkraft.
– Vi er ikkje i tvil. Vi har gjort eit varp. Vi har fått ein ung, framstormande ambulansearbeidar som vi trur kjem til å bli eit viktig tilskot til drifta, seier Mørkhagen.
Han meiner arbeidsgivarar har eit ansvar for å sjå forbi diagnosar.
– Det å legge til rette for at alle kan nå det fulle potensialet sitt, må vere ei viktig oppgåve for alle leiarar, meiner seksjonsleiaren.
Lars Erik Mørkhagen var aldri i tvil om å tilsette Tysland.
Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRKÅ gi Tysland tillit har til nå vore ei positiv oppleving for Mørkhagen og kollegaene. Det har til og med ført til ein uventa fordel overfor pasientane.
– Veldig mange av dei vi hentar, er folk som høyrer veldig dårleg sjølv. Det pleier å bli veldig god stemning når dei seier at dei høyrer dårleg, og eg svarer at det gjer eg òg, fortel Tysland.
Publisert 21.01.2026, kl. 10.43










English (US)