Mange tusen på veg til Granåsen før femmila

1 month ago 60



Køen er lang i Trondheim sentrum der publikum ventar på å ta buss opp til skianlegget i Granåsen.

– Vi er veldig klare. Vi skal stå på stadionen, fortel Siv Vikene og Sondre Vikene til NRK.

Dei er tydelege på kva dei forventar på nest siste dag av ski-VM:

– Gull!, seier dei i kor.

Vi forventar at Klæbo slår svenskane i dag, seier Siv.

I dag går mellom anna femmila for herrane av stabelen. Der kan heimefavoritten Johannes Høstflot Klbæo ta sitt sjette VM-gull.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/048d9984-37ac-444a-8d99-8437acc44ab6

Kan bli opp mot 60.000 i Granåsen

Sjef for ski-VM Åge Skinstad fortel at dei har selt 29.000 billettar til Granåsen Laurdag.

– Og når eg ser straumen med folk ut i løypa så blir eg ikkje overraska om det er like mange i løypa.

Skinstad fortel forventningane før laurdagen er høge.

– Vi forventar eit kjempefint renn. Det er blå himmel og veldig gode forhold.

Etter at både regn og vind har prega VM tidlegare denne veka viser gradestokken åtte plussgradar og opphaldsvêr i Trondheim.

Politiet skryt av publikum

Anlaug Oseid i politiet i Trøndelag fortel at det har vore svært få hendinga i løpet av ei veke med ski-VM.

– Det har vore veldig god stemning.

– Til at det har vore så mange folk samla på eit lite område må eg skryte av publikum.

Ho fortel at politiet har måtta vise bort nokre personar i løpet av veka, men at det stort sett har gått roleg for seg i Granåsen.

Busskø2

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det verkar som om folk er på arenaen for å kose seg og hylle utøvarane. Det har ikkje vore nokre alvorlege hendingar.

Samstundes fortel Oseid at politiet er klar for det meste som kan skje laurdag.

– Det er mykje folk både ute i løypane og på arenaen og ute på veikane.

– Vi har sjølvsagt teke høgde for det meste med tanke på beredskapen.

Kan ta seks av seks gull

Mellom anna står femmila for herrar på plakaten før den nest siste dagen i Granåsen.

Der kan Johannes Høstflot Klbæo ta sitt sjette VM-gull på heimebane.

Klæbo har så langt tatt gull på alle øvingane han har delteke i.

I tillegg står også kombinert og hopp på programmet.

Publisert 08.03.2025, kl. 10.15 Oppdatert 08.03.2025, kl. 10.27

Read Entire Article