Mann døydde etter valdshending i Bergen – politiet etterforskar drap

1 day ago 2



Politiet har starta drapsetterforsking etter at ein mann blei døydde etter ei valdshending i Arna i Bergen.

Klokka 22.26 søndag kveld fekk politiet melding om at ein person hadde blitt utsett for vald utanfor heimen sin i Indre Arna.

Politiet var på staden om lag 20 minutt seinare, og mannen vart frakta med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Klokka 08.00 måndag vart det stadfesta at mannen døydde etter valdshendinga. Det er så langt ikkje pågripe nokon gjerningsperson.

Politibiler

Ein mann er død etter ei valdshending i Bergen søndag kveld.

Foto: Bergen Foto og Media

Ein nærståande av den avdøde fekk òg lettare skader og vart sendt til legevakta for oppfølging.

Politiet opplyser at det vil bli gjennomført ein pressekonferanse i løpet av måndag føremiddag.

Gjerningsmann på frifot

Berekt Yeibyo (46) er budde i etasjen over til den avdødde. Han kom heim seint søndag kveld og vart møtt av store politistyrkar.

– Det er heilt utruleg, eg kan ikkje tru at dette har skjedd. Han var ein hyggeleg nabo som eg ofte hilste på, seier Yeibyo.

Han har budd i området eit halvt år, men i Arna i over ti år, etter at han kom som flyktning frå Eritrea.

– Hvis ein ikkje er trygg her, veit eg ikkje kvar ein kan vere trygg, seier Yeibyo.

Stort søk etter gjerningsperson

Ingen er så langt pågripne, det går føre seg ein større leiteaksjon i ulike stadar av Bergen

– Vi har vore der ute og søkt med hund og drone etter ein gjerningsperson, men har ikkje kome i kontakt med eller funne vedkomande, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

– Kan denne personen vere ein fare for andre?

– Det er ingenting som tyder på det no.

Politiet sat opp fleire kontrollpunkt ulike stadar i Stor-Bergen søndag kveld. Fleire bussar og biler langs E39 ved Åsane blei stansa i jakta på gjerningspersonen.

  • Politibiler

    Politiet sette i gang hunde- og dronesøk, og sette opp kontrollpunkt fleire stader i Stor-Bergen.

    Foto: Bergen Foto og Media
  • Politi på sted i Bergen etter voldshending

    Politiet sette i gang hunde- og dronesøk, og sette opp kontrollpunkt fleire stader i Stor-Bergen.

    Foto: Sandor Dahl / Bergen Foto og Media

Politiet opplyser no at kontrollpostane er fjerna, og at dei i staden avhøyrer vitne og undersøker digitale spor.

I tillegg er det sett i gang kriminaltekniske undersøkingar på staden.

Jourhavande politijurist vil ikkje seie noko meir om hendinga til NRK måndag morgon.

Publisert 09.02.2026, kl. 06.24 Oppdatert 09.02.2026, kl. 09.58

Read Entire Article