Mann i 80-åra døydde etter sykkelulukke i Fjaler

1 day ago 4



Onsdag ettermiddag stadfestar Åge Løseth, tenestestadleiar ved Fjaler politistasjon i Dale, til NRK at ulukka har kosta to menneske livet.

Det var tysdag kveld at to syklistar køyrde av vegen på Nordsiavegen i Guddal i Fjaler kommune. Politiet blei varsla like etter klokka 18 av ein forbipasserande som fann dei to mennene liggjande ved vegen.

Ein mann i 60-åra blei stadfesta død på staden. Den andre, ein mann i 80-åra, blei frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen med kritiske skadar. No er det også stadfesta at han har omkome.

en person som sykler på en vei med en lastebil på siden

Politiet har onsdag gjort undersøkingar på ulukkesstaden.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Etterforskar årsaka

– Det er ein relativt bratt bakke nedover mot ulukkesstaden, og det er mogleg å få ein del fart der, fortel tenestestadleiar Løseth.

– Dei blei kasta over autovernet og ned i ei steinur. Det er snakk om eit fall på rundt ti meter, seier han.

Politiet var på staden tysdag kveld med eigne kriminalteknikarar, og er onsdag tilbake saman med ulukkesgruppa til Statens vegvesen for å gjere nye undersøkingar.

– Vi vurderer det så langt som ei ulukke med eit tragisk utfall, seier Løseth.

Vil analysere data

Kva som faktisk førte til ulukka er førebels uklart. Politiet har gjort fleire beslag i håp om å finne ut meir.

– Vi har teke hand om syklane, mobiltelefonar, pulsklokke, pulsbelte og sykkelcomputerar. Desse skal analyserast for å sjå om vi kan få fleire svar, seier Løseth.

en mann i uniform

Åge Løseth er tenestestadsleiar ved Fjaler politistasjon.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Dei to mennene skal ha vore treningskameratar og godt kjende i det lokale sykkelmiljøet. Den eine av dei blei observert då han forlét Dale sentrum klokka 15.15. Ei vanleg rundløype frå Dale og tilbake tek om lag éin time og 50 minutt. Det gir politiet ei viss aning om når ulukka kan ha skjedd.

– Meldinga kom inn klokka 18.08, så dei har truleg ikkje lege der veldig lenge før dei blei funne, seier Løseth.

– Ei ulykke som rammar mange

Varaordførar Marte Haugsbakk seier heile lokalsamfunnet er prega av hendinga.

– I ein liten kommune som Fjaler, der alle kjenner alle, går ei slik ulukke inn på mange. Dei to var ein del av eit aktivt sykkelmiljø i Dale. Det gjer ekstra inntrykk, også fordi mange i det lokale brannvesenet kjenner dei involverte.

en person som står utenfor

Varaordførar Marte Haugsbakk fortel at heile lokalsamfunnet i Fjaler er prega av hendinga.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Kommunen har sett kriseteam i sving for å følgje opp pårørande og andre som treng det.

– Det viktigaste no er å ta vare på dei som har det tøffast. Våre tankar går til dei, seier Haugsbakk.

Publisert 30.07.2025, kl. 15.22 Oppdatert 30.07.2025, kl. 15.49

Read Entire Article