Mann omkom i arbeidsulykke i Askvoll

2 hours ago 1



Klokka 11.50 rykte politiet ut til ei melding om ei mogleg arbeidsulykke utanfor rådhuset i Askvoll.

To timar seinare bekreftar politiet at ein mann miste livet i ulykka, og at dei pårørande er varsla.

Vi må gjere nødvendige undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd, seier Guro Huus Folkestad, politiet sin innsatsleiar på staden.

Politiet sperra i ettermiddag av ulykkesstaden utanfor rådhuset. Dei gjennomfører avhøyr av vitne og kollegaer som var i nærleiken da ulykka skjedde.

  • askvoll

    Arbeidstilsynet blir rutinemessig varsla og gjer sine eigne undersøkingar ved dødsulykker i arbeidslivet. Dei vil sjå på om sikkerheitsrutinar blei følgde og om utstyret var i forsvarleg stand.

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK
  • askvoll

    Namnet på den omkomne er førebels ikkje frigitt, men politiet stadfestar at vedkommande var ein mann tilsett i kommunen og at familien blir vareteken.

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK
  • askvoll

    — Det er mange ting som skal avklarast. Politiet er jo sjølvsagt dei som styrer jobben. I tillegg har kommunen sett kriseteam, seier ordføraren.

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK
  • askvoll

    — Vi må gjere nødvendige undersøkingar for å finne ut kva som har skjedd, seier Guro Huus Folkestad i politiet.

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Tankane går til dei pårørande

Ordførar i Askvoll, Ole Andre Klausen, fortel at den omkomne var tilsett i kommunen, og at det er sett kriseteam.

Teamet består av helsepersonell og leiarar som skal følge opp dei som jobba tett på den omkomne i tida framover.

Dette påverkar oss mykje. Det set ein ekstra ... ja, det blir ein ekstra situasjon for alle, seier ordføraren.

Han legg til:

Tankane går til dei pårørande. Alle tankane går til dei no.

Kva gjer kommunen vidare?

Det er mange ting som skal avklarast. Politiet er jo sjølvsagt dei som styrer jobben. I tillegg har kommunen sett kriseteam.

Namnet på den omkomne er ikkje frigitt

Arbeidstilsynet blir rutinemessig varsla og gjer sine eigne undersøkingar ved dødsulykker i arbeidslivet.

Namnet på den omkomne er førebels ikkje frigitt, men politiet stadfestar at vedkommande var ein mann tilsett i kommunen og at familien blir vareteken.

Publisert 03.02.2026, kl. 14.51 Oppdatert 03.02.2026, kl. 15.06

Read Entire Article