Mann påkøyrd av truck – frakta til sjukehus

1 day ago 3



Ein mann er køyrd til Kristiansand sjukehus etter ei ulukke på eit industriområde i Lillesand.

Ambulanse blei kalla til staden då politiet fekk melding om ulukka 00.30.

– Det fremstår for oss som at ein person er påkøyrd av ein truck. Vedkommande som er påkøyrd er frakta til sjukehus med ambulanse. Det fremstår som ei alvorleg ulukke, seier operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Eyvind Formoe, til NRK.

Ifylgje politiet skal det ha vore ei slags samankomst med fleire menneske på staden. Dei gjer undersøkingar for å klarlegge hendingsforløpet.

Read Entire Article