Ein mann er køyrd til Kristiansand sjukehus etter ei ulukke på eit industriområde i Lillesand.
Politiet beskriv hendinga som ein «meget alvorlig ulukke» med alvorlig personskade.
Ambulanse blei kalla til staden då politiet fekk melding om ulukka 00.30.
– Det fremstår for oss som at ein person er påkøyrd av ein truck. Vedkommande som er påkøyrd er frakta til sjukehus med ambulanse, seier operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Eyvind Formoe, til NRK ved 02.30-tiden.
Ifylgje politiet har det vore ein samankomst med fleire menneske i eit næringsbygg.
Politiet har kontroll på ein mann. Dei mistenker køyring av truck i påvirka tilstand.
Stedet undersøkes av kriminalteknikere, opplyser politiet.