Ein arbeidar skal ha falle frå eit tak og ned på eit tilbygg i Fyllingsdalen i Bergen, opplyser Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Fallet skal ha vore på to til tre meter, og skjedd under inspeksjon av ei pipe. Mannen i 30-åra er vaken og tilsnakkande, men omtåka.
Alle naudetatane har rykt ut til staden. Brannvesenet hentar mannen ned frå tilbygget, og han vil bli frakta til traumemottaket på Haukeland universitetssjukehus.