Maria blei utsett for mobbing på jobb – no blir ho endeleg trudd

1 hour ago 2



Ein haustdag i 2015 fekk Maria Åmås draumejobben: Ho skulle på sjøen.

Ho vart registrert som gut ved fødselen, men kjende seg som ei jente. Derfor starta ho på hormonbehandling i 2016, noko som skulle snu livet hennar på hovudet.

Ho opplevde å bli mobba av kollegaene sine for å ha skifta kjønn, og dei laga mellom anna ein song for å gjere narr av ho.

Åmås varsla Sjømannsforbundet, som i 2023 tok saka vidare til Diskrimineringsnemnda.

No har ho fått delvis medhald, og dei er einige i at ho blei utsett for trakassering basert på kjønnsidentitet og seksuell trakassering.

Maria Åmås viser frem bekreftelsen fra Diskrimineringsnemda om mottatt sak.

Klagen blei sendt i november 2023.

Foto: Remi Sagen

– Letta

Diskrimineringsnemnda er klare på at Åmås har blitt trakassert.

Dei konkluderte med at reiarlaget har brote forbodet mot trakassering og seksuell trakassering, og ikkje gjort nok for å førebygge dette.

Samstundes slår ombodet fast at selskapet ikkje har diskriminert henne på grunn av kjønnsidentitet og dei avviser pengekravet hennar, som var på om lag 1,1 millionar kroner.

– Eg er så letta. Det var heilt fantastisk, seier ho.

No jobbar ho som matros, og er glad for å legge dette bak seg.

– Eg føler at eg fekk medhald på det viktige, at vi får fram at dette ikkje er greitt, og at det er litt for vanleg om bord på norske fartøy, seier ho, og legg til at ein må få stoppa denne sjargongen.

Maria Åmås

Maria Åmås er glad for at ho endeleg har fått medhald.

Foto: Remi Sagen

Songen

Ein av tinga Diskrimineringsnemnda tok stilling til, var ein song som blei laga om Åmås.

Her er eit utdrag frå songteksten:

«Jeg kjenner til en snodig kar som ter seg som en berte, som sier han er hvit i hud, men ellers gul i hjerte. [...] Å besøke Tokyo, hvor han blir rævkjørt av DiCaprio.»

Maria Åmås

Maria Åmås har kjempa denne kampen i fleire år.

Foto: Remi Sagen

Sjømannsforbundet forklarer meininga bak songen slik:

«Maria er fra Volda (Volding) og hun het tidligere X. Sangen har seksuelt innhold og spiller på at Marias kjønn, ref. bl.a. «ter seg som en berte» og «rævkjørt av DiCaprio». Maria har også en forkjærlighet for japansk kultur og sangen spiller også i stor grad på dette i en nedsettende tone.»

Diskrimineringsnemnda konkluderte med at songen var eit brot på forbodet mot trakassering på grunn av kjønnsidentitet og seksuell trakassering, og legg vekt på at den blei framført fleire gonger mellom 2017 og 2020.

Tar avgjerda på alvor

Reiarlaget svarer NRK i ein e-post, at dei har støtta ei full og grundig behandling av denne saka i Diskrimineringsnemnda.

– Vi tar avgjerda til etterretning og skal lære av det nemnda skriv om kva Maria opplevde på arbeidsplassen mellom 2017 og 2020. Eg er lei meg for at vi ikkje var gode nok til å unngå det, skriv HR-ansvarleg.

– Vi tar uansett kritikken og læringa på alvor, som arbeidsgjevar og reiarlag. Avgjerda er nyansert og grundig. Samstundes meiner vi nemnda går for langt i å tillegge operativt mannskap hensikter og meiningar som vi ikkje meiner det er grunnlag for.

NRK har vald å ikkje identifisere reiarlaget.

Stor respons

Terje Hernes Pettersen, som er advokat i Norsk Sjømannsforbund, meiner at dette er den verste trakasseringssaka dei har hatt, og at arbeidsmiljøet Maria Åmås har jobba under, har vore helseskadeleg.

– Det er berre ei handfull transpersonar på norske båtar. Det er ei av dei mest sårbare gruppene, og eg synest det var skuffande at reiarlaget ikkje tok betre vare på henne, seier han.

Han synest det var stort av Åmås å ta kampen, og seier at det betyr mykje for andre i LHBT-miljøet.

Åmås sjølv seier ho har mottatt stor respons frå både transpersonar, kvinner og personar i LHBT-miljøet som har vist si støtte.

– Det var skremmande kor mange som tok kontakt og fortalde at dei har opplevd trakassering.

Ho legg til at fleire av desse fortel at dei er redde for å stå fram i tilfelle dei mistar jobben.

Publisert 24.02.2026, kl. 18.21 Oppdatert 24.02.2026, kl. 18.56

Read Entire Article